Hopp til innhald

Fagstoff

Handhygiene som grunnleggjande smittevernrutine

Handhygiene er det enklaste, rimelegaste og beste tiltaket for å hindre overføring av smitte. Dessverre er det slik at vi menneske reingjer hendene våre i mindre enn halvparten av dei tilfella der vi bør gjere det.
Hender som blir vaska under rennande vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handhygiene

Hendene er nyttige og viktige reiskapar i alt vi gjer. Hendene er samtidig den reiskapen som kan gjere mest skade, fordi dei medfører ein risiko for direkte og indirekte kontaktsmitte.

Handhygiene er det mest effektive tiltaket for å hindre smittespreiing. Vi bør alle vaske hendene før vi lagar og et mat, og etter toalettbesøk. I tillegg må vi utføre handhygiene etter bleieskift og stell og tørking av snørr, blod og andre sekret. Ved bleieskift blir det tilrådd å nytte eingongshanskar og at hendene blir vaska med såpe og vatn etter at du tek av eingongshanskane.

Spreiing av smittsame sjukdommar i barnehage, skule/SFO, bustad og fritidsklubb kan førebyggjast ved å ha gode handhygienerutinar. Riktig utført handhygiene fjernar opptil 99 prosent av bakteriane frå hendene.

Tenk over

Hendene blir forureina av alt vi tek i, og vi forureinar hendene våre både medvite og umedvite. Medvite vil seie at vi veit at hendene våre blir forureina når vi nyttar dei i arbeidet vårt. På kva måtar forureinar vi hendene våre umedvite?

Handvask

Vi skal vaske hendene med såpe og vatn når dei er synleg tilsølte eller tilgrisa med til dømes jord og sand, leire og måling eller snørr og andre kroppsvæsker. Handvask er det beste hygienetiltaket for barn og unge i barnehage og skule/SFO.

Vi vaskar òg hendene når vi nyttar hanskar, handterer mat eller har vore på toalettet. Handvask er viktig fordi desinfeksjonsmiddel ikkje fjernar fysiske ureinskapar frå desse aktivitetane, og fordi organisk materiale reduserer effekten som desinfeksjonsmidla har på mikroorganismar.

Vi må rettleie og hjelpe barn og unge til å bli fortrulege med kva vanleg handvask har å seie.

Handdesinfeksjon

Ved utbrot av smittsame sjukdommar kan det vere aktuelt å nytte handdesinfeksjon, men det bør diskuterast med kommunelegen i kvart tilfelle. Handdesinfeksjon blir nytta når hendene er tørre og ikkje synleg tilgrisa. Det er viktig at hendene er tørre, fordi fukt reduserer effekten av desinfeksjonsmiddelet.

Fordelane med handdesinfeksjon er at

  • det drep mikroorganismar meir effektivt enn såpe og vatn

  • det er enklare

  • det er lettare tilgjengeleg

  • det sparer tid (tek berre halvparten av tida det tek å vaske hendene med såpe og vatn)

  • det er hudvenleg

Hostehygiene

Når vi hostar eller nys, og når vi har auka sekresjon frå luftvegane, er det viktig at vi – både vaksne og barn – er svært forsiktige for å hindre smitte.

Vi må unngå å nyse eller hoste direkte mot andre. Vi skal då dekkje munn og nase med papir som vi kastar med ein gong. Vi skal alltid reingjere hendene når vi har vore i kontakt med luftvegssekret.

Utfordringar til deg

  1. I kva tilfelle skal du vaske hendene med såpe og vatn, og når skal du desinfisere hendene?
  2. Gjer greie for korleis covid-19-pandemien har endra haldningane dine til

    1. handhygiene

    2. hostehygiene

    3. bruk av munnbind

    4. personleg hygiene

Relatert innhald

Kunnskapane til fagarbeidaren om kor viktig god handhygiene er, er avgjerande for helsa og velværet til brukaren.

Kjelde

Folkehelseinstituttet (FHI). (20. april, 2020). Hygieneråd for forebygging av smittsomme sykdommer i barnehagen. https://www.fhi.no/sv/barnehage/forebygging-av-smittsomme-sykdommer/

CC BY-SASkrive av Jørn Stordalen, Vigdis Haugan og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Hygiene og smitteverntiltak