Hopp til innhald

Fagstoff

Forynging av skog

Å foryngje skogen vil seie å etablere ny skog. Det er tre metodar for å foryngje skogen: naturleg forynging, planting av tre eller såing. Markflekking blir ofte nytta i kombinasjon med desse tiltaka.
Lita granplante ved ein stubbe på ei hogstflate. Utsikt til ein sjø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva slags foryngingsmetode som skal nyttast, bør bli avgjort før hogst.

Det er tre metodar for å foryngje skogen:

  • naturleg forynging
  • planting av tre
  • såing

Markflekking blir ofte nytta i kombinasjon med desse tiltaka.

Markflekking

Små furutre som veks i markflekkingsstriper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Markflekking gjer vi for å førebu arealet slik at plantene kan få ein god start. Når vi markfjekkjer, blir flekt vekk slik at under kjem fram. Når humuslaget blir fjerna, er det enklare for frøet å spire, og ei nyspirt plante tørkar ikkje så lett ut. Planta vil òg få mindre konkurrerande vegetasjon i starten. På areal som skal plantast, vil jobben bli enklare viss arealet er markflekt.

Markflekking blir gjord med gravemaskin eller med eit markflekkingsaggregat montert på ein lassberar.

Når vi markflekkjer, må vi passe på at stiar eller kulturminne ikkje blir øydelagde.

Oppgåve

Søk på "markberedning" på YouTube og finn filmar som viser markflekking med ulike typar utstyr.

Naturleg forynging

Små furutre mellom større tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturleg forynging vil seie at skogen sår seg sjølv. Frøa kjem frå frøtre vi set igjen etter hogst, eller frå tre som står i kanten av hogstflata.

Der det er tjukt humuslag, kan vi leggje til rette ved å markflekkje.

Naturleg forynging kan nyttast for å etablere både gran- og furuskog. Ved naturleg forynging er frøet frå same område. Det gir planter som er tilpassa veksestaden.

Planting

Lita granplante. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi plantar skog, set vi ut tre som er 1–2 år gamle. På den måten sikrar vi at veksten kjem raskt i gang, og planta kan konkurrere betre med all den andre vegetasjonen som etablerer seg etter hogst.

Det blir drive aktivt avlsarbeid for å produsere dei beste skogplantene. Det blir planta mest gran, men òg noko furu og bjørk. I 2019 vart det selt 43,5 millionar granplanter og o,6 millionar furuplanter i Noreg. 0,4 millionar planter var bjørk og utanlandske treslag.

På denne fagstoffsida kan du lese meir om produksjon av skogplanter og korleis plantinga blir utført.

Såing

Nærbilete av frø og frøvengjer av gran. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I nokre tilfelle er ikkje naturleg forynging eller planting aktuelt. Då er det mogleg å kjøpe frø som blir spreidde ut. Såing kan vere et alternativ til naturleg forynging der det ikkje er tilgjengelege frøtre. I samband med markflekking kan det monterast på eit såaggregat slik at arealet kan bli markflekt og sådd samtidig.

Skogeigaren har ifølgje skogbrukslova plikt til å sørgje for at det blir ny skogproduksjon etter hogst. Det kan òg vere aktuelt å etablere skog på eit område der det i dag ikkje er skog.

Relatert innhald

I denne oppgåva lærer du å rekne ut kor mange planter du treng når du skal plante skog, og kva kostnadene blir.

Her lærer du om produksjon av skogplanter og korleis vi utfører skogplanting.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppgåvene til skogbrukaren