Hopp til innhald

Fagstoff

Miljøomsyn og berekraft i skogbruket

Berekraftig drift vil seie at vi oppfyller dagens behov utan å ringast moglegheitene for kommande generasjonar. Det betyr at vi alltid må vurdere kva konsekvensar aktiviteten vår i skogen har på lang sikt.

I skogbruket inneber dette at vi må sørgje for at skogen får gode vekstvilkår der vi tek ut tømmer. Det biologiske mangfaldet må bevarast. Vi må òg ta vare på rekreasjonsverdiane av skogen og den verdien naturmiljøet har for allmenta.

Miljøstandardar i skogbruket

Miljøstandarden til skogbruket stiller krav til korleis vi skal utføre arbeidet i skogen for at det skal vere berekraftig. Standarden inneheld 27 kravpunkt. Du finn ei oversikt på nettsida til Norsk PEFC Skogstandard.

Spor etter hogstmaskin over frodig skogsbotn. Foto.
Grantre. Foto.

Døme på kravpunkt

  • Avfallshandtering


    Skogen skal ikkje vere ein søppelplass. Søppel og kasserte ting skal ikkje bli etterlatne der. Vi skal i minst mogleg grad forureine med olje og diesel.

  • Transport i terrenget


    Skogmaskinføraren må ha kunnskap om bæreevne og bruke auga slik at han eller ho skadar terrenget minst mogleg.

  • Kulturminne


    Ifølgje kulturminnelova er alle kulturminne frå før 1537 og alle samiske kulturminne eldre enn 100 år automatisk freda. Det skal òg takast omsyn til andre kjende og verdifulle kulturminne. Det skal ikkje køyrast nærare eit kulturminne enn fem meter.

  • Friluftsliv


    Det skal leggjast vekt på å ta vare på opplevingskvalitetane, særleg langs stiar, og skiløyper og stiar skal ikkje køyrast i stykke.

  • Gamle tre og død ved


    Skogeigaren skal setje att gamle tre ved hogst. Kravet er eitt tre per dekar.

Sertifiseringsordning i skogbruket

Sertifiseringsordninga vart innført i 2000 og skal dokumentere at alt er i orden. Arbeidet blir utført av eit eksternt organ, til dømes Det Norske Veritas, som skriv ut miljøsertifikat.

Den som er sertifisert, får eit sertifikat som synleg bevis på at ho eller han har lov til å gjere jobben. Sertifikatet gjeld i fem år om gongen.

Det er svært få enkeltskogeigarar som er miljøsertifiserte. Dei fleste er gruppesertifiserte gjennom skogeigardellaget sitt. Dersom nokon gong på gong bryt regelverket, kan dellaget miste sertifikatet. Konsekvensen blir då at dei ikkje kan omsetje tømmer.

Det er derfor viktig at køyrereglane blir følgde i alle ledd.

Diskuter

Besøk nettsida til Norsk PEFC Skogstandard og diskuter kva reglane inneber for deg når du skal arbeide i skogen.

Hugselappen

Berekraft vil seie å bruke naturen på ein måte som tek vare på verdiane for neste generasjon.

  • Det må vere balanse mellom uttak og tilvekst av skog.
  • Vi må ta vare på det biologiske mangfaldet.
  • Vi må ta vare på verdien skogen har for allmenta.
  • Krav til sertifisering skal sikre at miljøstandardar blir følgde.

CC BY-SASkrive av Einar Holth Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåvene til skogbrukaren