Hopp til innhald

Fagstoff

Domestisering av dyr

Domestiserte dyr har eit gjensidig forhold med menneske som påverkar stellet og reproduksjonen deira. For å kunne leve tett saman med menneske har dyra gått gjennom store genetiske forandringar ved både naturleg og kunstig seleksjon.
Fleire hestar med ryttarar på ei strand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Domestiserte dyr til nytte for oss menneske

Domestiserte dyr har vorte genetisk forandra og selektivt avla over generasjonar, slik at dei passar betre til å leve i fangenskap og saman med menneske. Domestiserte dyr har hatt viktige funksjonar for menneske:

  • mat og gjødsel
  • tekstilar
  • kraft og transport
  • selskap
  • nytte – jakt, servicedyr, politihund, førarhund, terapidyr

Då dei ville artane vart domestiserte, vart gena forandra. No vart gen for tamheit, låg aggresjon, sosialt samarbeid og fleire avkom viktige. Dyra får ei endra utvikling gjennom livet (ontogenetisk utvikling), og dei oppfører seg og ser barnslege ut lengre. Men òg andre overraskande gen vart forandra.

Teikningar av tre hodeskallar. Skallen til ein villkatt er størst, skallen til tamkatt er minst, og skallen til ein hybrid mellom dei to er mellomstor. Illustrasjon.

Dyra forandrar seg forbløffande mykje i utsjånad og åtferd når dei går frå ville til domestiserte. Dei domestiserte artane har ofte trekk som dei ville forfedrane ikkje har:

  • mindre skalle, hjerne og tenner
  • krølla pels/hårlag. Kvite flekker i hud og pels. Andre pelsfargar. Tap av viltfargar
  • hengjeøyre. Vippar på øyra. Lengre øyre.
  • krøll på halen

Reproduksjonen endrar seg ved at dyra kan få auka fertilitet og hyppigare brunst. Dei kan bli mindre avhengige av parband, og det kan bli mindre utsjånadsforskjell på hanndyr og hodyr.

Åtferder forandrar seg ved at dei får kortare fluktavstand og mindre panikk. Dei får ein lengre sosialiseringsperiode og lågare sosial aggresjon. Dei blir òg mindre farlege med alderen. Dessutan oppsøkjer dei ofte annan type mat enn dei ville forfedrane deira gjorde. Kommunikasjonslydar kan òg bli forandra.

Mange av trekka hos domestiserte dyr oppfattar vi menneske som søte. Kanskje du seier "naaaah" når du ser det runde ansiktet, dei store auga, hengjeøyra og den krølla pelsen til eit domestisert dyr?

Ville dyr og deres domestiserte motpart

Korleis vart hunden den beste vennen til mennesket? Ei forteljing om sjølvdomestisering

Hundar er den domestiserte dyrearten som har flest fenotypar, altså flest variantar av eigenskapar. Men mens vi før trudde at hunden var vorte til ved at nokon fanga inn ulvekvalpar, meiner forskarar no at hunden oppstod gjennom .

Dei minst sky ulvane byrja å stele mat frå buplassane til menneske. Åtferda vart forandra ved at dei tammaste dyra som vart lenger ved buplassane, fekk meir mat og fleire avkom. Slik oppstod fleire åtferder knytte til tamheit i populasjonen. Då ulvane vart til hundar, slutta dei òg å vere flokkdyr. Tidleg domestisering av hund var altså utilsikta og delvis styrt av naturleg seleksjon.

Som ulvar måtte dei samarbeide om å fange store byttedyr, men som hundar fann dei mat i små klattar som dei måtte skunde seg å ete. Ulvane danna familieflokkar for å ta seg av ulvekvalpane, mena hannhunden forlét tispa direkte etter paring på jakt etter nye erobringar. Hundetispa må ta seg av kullet heilt åleine, og det kan vere forklaringa på at dei får løpetid hyppigare enn ulvar.

Då ulvane vart hundar, forandra òg det fysiske seg. Matavfallet var av lågare kvalitet enn store byttedyr, og det var gunstig at kroppane vart mindre, hovuda krympa og tennene vart meir tilpassa åtseleting.

Katten vart òg sjølvdomestisert då han tilpassa seg eit liv ved kornlager med mykje mus og skadedyr. Kattane med lågast aggresjon fekk best overleving og flest avkom.

Kvifor blir nokre dyr domestisert og andre ikkje?

Dyra som har vorte domestiserte, har nokre fellesnemnarar. Dei har ein diett som passar med det som finst av mat ved buplassane til menneske, og dei mognast raskt. Dei er ikkje kjempestore, for store dyr må ha store hus og mykje mat, og dei reproduserer lett i fangenskap. Dei er òg mindre farlege, blir ikkje veldig aggressive med alderen og har lågare sosial aggresjon. Dei får heller ikkje like lett panikk og fluktåtferder.

Diett hos domestisterte dyr

diett

døme

planteetande

herbivore

Silhuett av kanin. Ikon.

snigel

bie, silkeorm

due, kanari, fink, undulat

marsvin, chinchilla, hamster, mus, rotte

kanin

dromedar, kamel, lama, alpakka

hest, esel, storfe, sau, geit, vassbøffel, yak, reinsdyr

altetande

omnivore

Silhuett av gris. Ikon.

hønsefugl, and, gås, kalkun

gris

kjøtetande

karnivore

Silhuett av katt. Ikon.

hund, sølvrev

katt

mink, ilder

Diskusjon

  1. Når er eit dyr "ferdig" domestisert?
  2. Kjenner du til dyr som er i ferd med å bli domestiserte? Tips: les om stokkand og rev.
  3. Kva dyr vil vere vanskelege å domestisere? Kvifor?

Oppgåver

  1. Viss du har ein haug med ulvar og vil lage ein chihuahua – korleis vil du gå fram?
  2. Kva hovudfunksjonar har domestiserte dyr for menneske?
  3. Korleis ville livet vårt vore utan domestiserte dyr?
  4. Drøft kva trekk som har vorte avla på, og kva trekk som har vorte med på kjøpet.
  5. Drøft fordelane og ulempene til dyra med å vere domestiserte.
  6. Vil fordelane vege opp for ulempene?

Tips: Klassen kan delast i to der halvparten tek føre seg fordelar og halvparten ulemper.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2020

Læringsressursar

Berekraftig naturbruk