Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til domestisering

Domestisering er prosessen der ville planter og dyr blir genetisk tilpassa eit liv tett saman med menneske.
Domestisering av dyr og planter var eit vendepunkt for korleis menneske lever.
Stråhyttemodell slik ho kan ha sett ut før steinalderen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Vær den første som praktiserer domestisering

Tenk deg at du har ei tidsmaskin og reiser tilbake i tid til før planter og dyr har vorte domestisert. Du kjem til ei gruppe med rundt hundre menneske frå nyfødde til eldre. Dei jaktar på hjortedyr, harar, små gnagarar, ville geiter, fuglar og fisk, og dei går lange distansar for å samle vill kveite og bygg. Uønskte frø frå ugras kjem inn i blandinga, og dei mistar òg mange gode frø fordi dei sit så laust på stilkane. Dei klarer å samle halvparten av dagsrasjonen sin frå frø. Dei ville dyra et av dei same plantane og tråkkar dei ned.

  1. Beskriv fordelar og ulemper med livsstilen.
  2. Kva bruker menneskegruppa mest og minst tid på?
  3. Kva trur du vil vere normal levealder?
  4. Kva problem vil dei oppleve? Er problema alvorlege? Vil problema ramme fleire menneske?
  5. Korleis trur du arbeidsoppgåvene er fordelte?
  6. Korleis bur dei, og korleis går dei kledde?

Oppgåve 2. Hjelp sankargruppa

Tenk deg at du vil hjelpe gruppa til å løyse problema sine ved hjelp av landbruk og domestisering.

  1. Kva råd vil du gi?
  2. Korleis vil du forklare domestisering for gruppa?
  3. Korleis løyser råda problema?
  4. På kva måte vil landbruk forandre livet til gruppa?
  5. Kva for nokre nye problem vil dei oppleve når dei skal tilpasse seg eit liv med husdyrhald og plantedyrking?
  6. På kva måte er dei nye problema ulike frå dei gamle problema? Vil fordelane vege opp for ulempene?
  7. Kva verktøy treng dei?
  8. Kva kunnskap treng dei?
  9. Drøft denne påstanden: "Oppfinnelsen av landbruk hadde ein så negativ innverknad på det naturlege miljøet at menneske aldri skulle ha gjort det. Dei ville hatt det betre som jegerar og samlarar".

Oppgåve 3. Presenter ein utvald art

  1. Når og kor vart dyret/planta først domestisert?
  2. Kva art stammar dyret/planta frå?
  3. Korleis levde dyret/planta i naturen?
  4. Kva for nokre tidlege funksjonar hadde dyret/planta for menneske?
  5. Vart dyret/planta sjølvdomestisert eller vart det selektert av menneske heilt frå starten?
  6. Kva forandringar har skjedd frå vill til domestisert?
  7. Kva betyding har dyret/planta for menneske i dag?
  8. Finnes det moderne sortar eller rasar av dyret/planta? Noter namnet på tre variantar.
CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2020

Læringsressursar

Berekraftig naturbruk