Hopp til innhald

Fagstoff

Snurrevad

Snurrevad er ein aktiv fiskereiskap som fangar fisk etter sileprinsippet. Snurrevaden er sett saman av ein notpose med lange venger og tauearmar på opptil 3000 meter. Snurrevaden liknar på ein trål, men han har ikkje tråldører, og vengene er gjerne lengre.

Snurrevad

Snurrevaden består av ein notpose med lange venger. I enden av vengene er det montert eit børtre som tauearmane er festa i. Føremålet med tauearmane er å sveipa for å skremma fisken, slik at han vert samla framfor nota. Dei viktigaste fiskeslaga i snurrevadfisket er torsk, hyse og sei.

Det finst fleire typar nøter som vert brukte til snurrevad:

  • tampnot, der nota har tampar under som nota går langs botnen med
  • kilenot, der grunntelna er festa til ein langsgåande kjetting som held nota mot botnen
  • girnot, der nota går på gjennomhola plast- eller gummikuler festa til grunntelna

Fordelen med snurrevad er den gode kvaliteten på fangsten, og at reiskapen er selektiv med tanke på fiskestorleiken.

Fiskebåt med snurrevad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å setja snurrevaden

Før vi set ut snurrevaden, leitar vi opp område med konsentrasjonar av fisk og prøver å plassera notopninga bak fisken. Vi må passa på å setja snurrevaden slik at nota held seg open så lenge som råd.

Fiskebåt set blåse og køyrer ut tau på første venge. Deretter blir sett snurrevadnota og det blir køyrt ut tau på andre venge. Blåsa blir henta og tauing begynner. Til slutt starar hivinga ved å trekke inn snurrevarden. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å hiva snurrevaden

Til å trekkja inn snurrevaden kan vi bruka nokkvinsj eller ein snurrevadtrommel med vinsj. Når taua er inne, bruker vi ei kraftblokk eller triplexblokk til å hiva inn sjølve nota. Når mesteparten av nota er inne og ligg på sida av fartøyet, dreg vi fisken inn til inntaksbingen med ei kran. Deretter vert nota greidd på hekken og gjort klar for hal.

Fangstavgrensing

Ei utfordring ved bruk av snurrevad er at fangstane mange gonger kan verta for store. Slike store fangstar kan føra til dårleg kvalitet, og det kan utgjera ein tryggleiksrisiko. Det vert derfor utvikla teknologi som skal hindra dette.

Omgrep du bør kunna:

aktiv fiskereiskap

sileprinsippet

venger

tauearmar

kraftblokk

triplexblokk

nokkvinsj

Kva kan du om snurrevad? Test deg sjølv:

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2018

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa