Hopp til innhald

Fagstoff

Trålfiske

Trål er ein aktiv fiskereiskap som fungerer etter sileprinsippet. Trålen er ein pose som vert slept gjennom vatnet. Fisken vert fanga inn i posen, medan vatnet vert silt ut gjennom maskene. Det finst fleire ulike typar trålar, og dei vert brukte til å fanga ulike artar.

Trålposen vert trekt etter fartøyet, og fisk og dyr som er for store til å gå gjennom maskene, vert fanga og samla opp i posen. Storleiken på maskene varierer alt etter kva ein fiskar etter. Til rekefiske bruker ein små masker.

Tråltypar

Det er fleire måtar å halda trålen open på. Vi skil mellom

  • otertrål: vert halden open med tråldører
  • partrål: to fartøy tauar og held trålen utspent
  • bomtrål: eitt fartøy tauar to trålar, som vert haldne utspente av ein stiv bjelke

I norsk fiskeri er det mest vanleg å bruka otertrål, altså ein trål som vert halden open av tråldører. Otertrålen finst i fleire variantar. Vi gir namn til dei ulike tråltypane etter korleis dei vert trekte, kvar i vassmassane dei fiskar, og kva dei fiskar etter.

Vi skil mellom

  • botntrål – etter botnfisk og reker
  • pelagisk trål eller flytetrål – i hovudsak etter kolmule eller annan industrifisk
  • semipelagisk trål – i hovudsak etter same fiskeslaga som pelagisk trål

Omgrep du bør kunna:

aktiv fiskereiskap

sileprinsipp

trålpose

maskevidde

otertrål

tråldør

bomtrål

pelagisk trål

semipelagisk

partråling

sveipar

gir

vingline

kuleline

botntelne

ferskfisktrålar

frysetrålar

tråldører

Kva kan du om trål og tråling? Prøv deg sjølv:

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen og Kjell Sigmund Rabben.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa