Hopp til innhald

Fagstoff

Angina pectoris – hjartekrampe

Angina pectoris er nemninga på forbigåande brystsmerter som kjem av nedsett blodtilførsel slik at delar av hjartemuskulaturen får for lite oksygen. Dette blir òg kalla hjartekrampe.
Ein eldre mann som held hendene framfor brystet og bøyer seg framover med eit plaga uttrykk i ansiktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arvelege faktorar gjer at hjarte- og karsjukdommar opptrer hyppigare i enkelte familiar. Andre risikofaktorar er høgt blodtrykk, forhøgd kolesterolnivå, diabetes, røyking og overvekt. Førekomsten av angina pectoris aukar med alderen, og det rammar begge kjønn.

Årsaker

Den vanlegaste årsaka til angina pectoris er aterosklerose (åreforkalking). Aterosklerose er avleiringar av feittstoff i åreveggen på arteriane, og i denne samanhengen gjeld det kransarteriane (koronararteriane) som forsyner hjartemuskelen (myokard) med blod.

Aterosklerosen gjer at kransarteriane blir trongare og blodforsyninga dårlegare. Når behovet for oksygen i hjartemuskelen aukar ved påkjenningar, kjem det ikkje nok blod gjennom dei tronge årene, og det blir "krampe" i hjartet. Smertene kan òg bli utløyste rett etter måltid og i kaldt vêr.

Symptom

  • Akutt innsetjande ubehag eller smerter bak brystbeinet utløyst av fysisk aktivitet eller anna påkjenning. Smertene blir beskrivne som klemmande, og dei stråler ofte ut i venstre arm eller opp i halsen. For nokon, særleg kvinner, er symptom som tung pust og trøyttleik meir påfallande enn smerter ved angina-anfall.

  • Nokre pasientar blir kvalme under angina-anfall. Kvalme oppstår som eit følgjesymptom av smerter.
  • Pasienten kan òg bli kaldsveitt og få klam hud. Dette er symptom som fortel at det er feil i sirkulasjonssystemet til kroppen.
  • Redsel eller angst er naturleg når det oppstår smerter i brystet.

Å stille diagnosen

Diagnosen blir stilt på grunnlag av sjukehistoria til pasienten (anamnese) og ei klinisk undersøking. EKG (elektrokardiogram) under angina-anfall kan vise eit mønster som tyder på dårleg blodtilførsel. Ved mistanke om angina pectoris blir det teke belastings-EKG. Det er EKG som blir teke mens pasienten til dømes syklar på ergometersykkel.

Ved alvorleg angina pectoris kan det bli utførd angiografi av hjartet. Ved angiografi blir kontrastvæske sprøyta inn i blodårene til hjartemuskelen, og dermed blir eventuelle tilstoppingar eller forsnevringar i blodårene kartlagde.

Førebygging

Førebyggande tiltak kan bidra til å redusere hyppigheita av anfall. Dei kan òg førebygge forverring av tilstanden og dermed redusere risikoen for ustabil angina, hjarteinfarkt og hjerneslag. Tiltaka er som ved hjarte- og karsjukdommar elles og kan innebere kosthalds- og livsstilsendringar som:

  • røykeslutt

  • fysisk aktivitet

  • sunt kosthald. Anginasmerter kan oppstå etter kraftige måltid, og derfor er det best med små og hyppige måltid og å ete lettfordøyeleg mat.

  • vektreduksjon ved overvekt

  • stressreduksjon

  • godt regulert blodsukker ved diabetes

  • god blodtrykkskontroll og senking av kolesterolnivået i blodet

Kvinneleg helsefagarbeidar på tur med ei kvinne med rullator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Behandling

Akutte anginasmerter går som regel over i løpet av nokre minutt med kvile og endå raskare ved inntak av medikamentet nitroglyserin. Nitroglyserin gjer at blodårene utvidar seg slik at blodtilførselen blir betra og blodtrykket går ned. Medikamentet blir teke som spray eller som ein tablett under tunga (resoriblett). Dei verkar raskt og fører til at smertene går over i løpet av få minutt.

Behandlinga ved angina pectoris går både ut på å stanse sjølve angina-anfallet og å førebygge nye anfall. Pasientar med angina pectoris er disponerte for å få hjarteinfarkt etter nokre år. Derfor er det viktig å førebygge angina-anfall, sidan det reduserer faren for utvikling av hjarteinfarkt. Kost- og livsstilsendringar som førebygger forverring av tilstanden, kan gi like god effekt som medikamentell behandling, eller til og med betre effekt.

For å førebygge angina-anfall blir det nytta ulike medikament som betrar oksygentilførselen til hjartet. Endring av kosthald eller kolesterolsenkande medikament kan førebygge ytterlegare avleiringar av blodårene til hjartet. Nitroglyserin finst òg som plaster til førebyggande behandling. Mange pasientar med angina bruker i tillegg blodfortynnande medikament for å førebygge hjarteinfarkt.

Viss pasienten opplever svært hyppige angina-anfall eller anfall utan å ha anstrengt seg (ustabil angina), blir det vurdert kirurgisk behandling for å betre blodforsyninga til hjartemuskelen. Perkutan koronar intervensjon (PCI) er ein metode som inneber at eit kateter blir sett inn i arterien og utvidar han innanfrå, og det blir då sett inn eit tynt metallnett (stent) for å halde blodåra open. Ein annan metode er koronar bypasskirurgi for å føre blodstraumen forbi området som er kraftig forsnevra på grunn av aterosklerose.

Sjukepleietiltak ved angina-anfall

Dersom anginasmerter oppstår under fysisk aktivitet, må pasienten kvile og eventuelt ta nitroglyserin. Nitroglyserin må kanskje takast både to og tre gonger. Smertene skal då gå over i løpet av få minutt.

Viss smertene er verre eller varer lenger enn vanleg, oppstår i kvile eller ikkje går over etter at brukaren har teke nitroglyserin tre gonger, bør du tilkalle medisinsk hjelp fordi det kan vere teikn på hjarteinfarkt eller ustabil angina.

Når ein brukar får anginasmerter, er det viktig at du prøver å roe vedkommande. Angst og redsel aukar behovet for oksygen og forsterkar smertekjensla. Hjelp personen over i sitjande eller liggande stilling. Dersom ein pasient opplever at det blir vanskeleg å trekke pusten, kan det hjelpe med frisk luft og å løyse på stramtsitjande klede. Å sitje med overkroppen heva, gjerne over ein stolrygg med armane på eit bord, lettar respirasjonen. Når smerta blir mindre, blir òg pustevanskane det.

Psykiske behov

Det er normalt at ein person som lever med angina pectoris eller andre hjarte- og karsjukdommar, har kjenslemessige reaksjonar som angst, irritasjon, uro eller er generelt nedstemd. Som helsefagarbeidar må du vere til stades, behalde roa og vise at du bryr deg. Ha ei open innstilling og tillat personen å vise kjensler. Oppmuntre personen til å snakke om kjenslene, og prøv å motivere til aktivitetar som fremjar både fysisk og psykisk helse.

Utfordringar til deg

  1. Kva heiter dei blodårene som fører oksygenrikt blod til sjølve hjartemuskelen?

  2. Kva smerter kan ein person få ved angina pectoris?

  3. Kva er aterosklerose?
  4. Kva er god sjukepleie ved angina-anfall?

Kjelde

Birkeland, K. I., Gullestad, L. & Aabakken, L. (Red.). (2017). Indremedisin II. Fagbokforlaget.

Relatert innhald

Smerter og ubehag i brystet må alltid bli teke på alvor. Viss det dreier seg om hjarte- og lungeproblem, krev dette hurtig behandling. Lær kva du bør gjere.

Vi må alltid ta smerter og ubehag i brystet på alvor. Det er derfor viktig at du er kjend med nokre typiske symptom, slik at du kan varsle tidleg.

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet