Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er angina pectoris?

Forsnevring i kranspulsårene kan gi angina pectoris, hjartekrampe. I denne oppgåva kan du lære meir om angina pectoris.
Eldre par går tur gjennom haustlauv i ein park. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Kva er årsaka til angina pectoris?

  2. Kva er vanlege symptom på angina pectoris?

  3. Kan det vere forskjell på anginasymptoma for kvinner og menn? Grunngi svaret ditt.

  4. Angina pectoris kan oppstå ved fysiske påkjenningar. Kvifor er det slik?

  5. Kvifor blir angina pectoris oftare utløyst i kaldt vêr enn i varmt?

  6. Forklar kva du vil gjere dersom ein person får brystsmerter.

  7. Finn ut kva medikamentbehandling ein person med angina pectoris kan få.

  8. Kva førebygger smerter ved aktivitet og påkjenningar hos ein person med angina pectoris?

  9. Finn ut kva ustabil angina er.

  10. Å få angina pectoris kan påverke den psykiske helsa. Forklar kvifor.

  11. Lag eit notat med oversikt over observasjonar, behandling og sjukepleietiltak ved angina pectoris.

Dra orda til rett plass

Relatert innhald

Smerter og ubehag i brystet må alltid bli teke på alvor. Viss det dreier seg om hjarte- og lungeproblem, krev dette hurtig behandling. Lær kva du bør gjere.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet