Hopp til innhald

Fagstoff

Venøse og arterielle leggsår

Leggsår er sår som heilast langsamt på grunn av ulike underliggande sjukdomstilstandar. Dersom eit sår ikkje gror på fire til seks veker, blir det kalla kronisk. Den vanlegaste årsaka til kroniske sår er nedsett blodsirkulasjon.
Helsefagarbeidar med eingongshanskar steller eit leggsår på ein eldre brukar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nedsett blodsirkulasjon kan komme av aldersforandringar eller sjukdommar som gir sirkulasjonssvikt i beina. Eldre menneske har lettare for å få sår, fordi huda blir tynnare og skjørare som ein naturleg del av aldringsprosessen. Dei små blodårene som bringar næring til huda, blir trongare og klarer ikkje å transportere like mykje næringsstoff til hudcellene.

Når det først har oppstått eit sår, er huda avhengig av blodtilførsel for å få tilstrekkeleg næring til groprosessen, og for å få tilført dei stoffa som er nødvendig for å reparere skadane.

Vi skil mellom venøse og arterielle leggsår, men det finst òg blandingssår. Det er leggsår som kjem av ein kombinasjon av venøs og arteriell svikt i blodåresystemet i beina.

Arterielle leggsår

10–15 prosent av leggsåra er arterielle. Pasientar med hjartesjukdom, diabetes eller aterosklerose (åreforkalkingar) er i risikogruppa for å utvikle arterielle leggsår. Røykarar er spesielt utsette.

Såra kjem svikt av i arteriane som skal føre blodet ut til cellene og vevet i kroppen. Aterosklerose gjer arteriane stive, tronge eller tette. Då vil ikkje vevet i det aktuelle området få nok oksygen og anna næring, slik at vevet døyr, og det oppstår sår.

Venøse leggsår

Omtrent 70 prosent av alle leggsår er venøse. Årsaka til desse leggsåra er svakheit eller svikt i venene som fører blodet tilbake til hjartet etter at det har gitt frå seg oksygen og næring til cellene og vevet i kroppen. I tillegg er det svakheiter eller svikt i veneklaffane som skal hindre blodet i å bli ståande i åresystemet. Blodet blir då presset mot åreveggen og aukar blodtrykket i venene i leggen. Dette auka trykket fører til at væske lek ut av venene under huda, slik at det blir danna ødem (væskesamlingar), og leggen hovnar då opp. Dette hindrar tilgangen på oksygen og næring og gjer at avfallsstoff ikkje blir fjerna, slik at celler og vev døyr.

Pasientar med åreknutar (varicar), overvektige eller personar som tidlegare har hatt djup venetrombose (DVT), er i risikogruppa for å utvikle venøse leggsår.

Skilnader mellom venøse og arterielle leggsår

Venøse og arterielle leggsår

Venøse leggsår

Arterielle leggsår

Årsak

  • nedsett blodsirkulasjon i dei djupe venene
  • nedsett blodsirkulasjon i arteriane (pulsårene)

Stad

  • oftast på innsida av ankelen og leggen
  • nedst og bak på leggen, på foten eller på tærne

Smerter

  • beskjedne
  • nattlege krampar
  • tyngde-kjensle i beinet
  • smerter kan oppstå, særleg dersom såret er betent (infisert)
  • smerter blir lindra når beina blir heva
  • smertefulle sår
  • smertene minkar når beina blir senka, og blir auka når beina blir heva

Utsjånaden til leggen

  • hoven fot og legg
  • misfarga hud, eventuelt kvit og arraktig
  • sjeldan ødem
  • marmorert eller bleik legg – hårlaus

Temperatur

  • normal hudtemperatur
  • varm legg dersom såret er infisert
  • kalde føter og legger

Utsjånaden til såret

  • oftast eitt sår
  • varierande sårdjupne
  • vanlegvis grunne sår med skrånande kantar
  • væskande, hovne og misfarga sår
  • såra er oftast dekte med gult belegg (fibrin)
  • kan vere fleire småsår
  • djupe sår som verkar "utstansa" (heva frå huda)
  • runde sår som er avgrensa og har markerte kantar
  • mindre enn venøse sår
  • såra er dekte av gule eller tørre svarte nekrosar
  • ofte tørt sår

Huda på leggen

  • raud eller brunpigmentert hud som klør
  • tørr og skjellete hud
  • eksem er vanleg
  • kvit- eller blåaktig glinsande hud
  • tynn hud

Behandling

  • kompresjonsbehandling med støttestrømper eller støttebind
  • heve beina over hoftehøgde
  • fotøvingar for å aktivisere leggmuskelpumpa
  • sårbehandling etter forordning frå legen
  • aldri kompresjonsbehandling
  • senke beina
  • mosjon
  • sårbehandling etter forordning frå legen

Observasjon ved leggsår

  • allmenntilstanden til pasienten (til dømes temperatur, puls, hudfarge, ernæringsstatus, smerter og psykiske tilstand)
  • huda omkring såret
  • lokalisering av såret
  • storleiken på såret (helst i kvadratcentimeter, men òg størst lengde, breidde og djupne)
  • sårbotnen (nekrose, infeksjon, granulasjonsvev, lommer, blottlagde strukturar)
  • sårkantar (epitelisering, inflammasjon, infeksjon, misfarging, fukt)
  • sekresjon
  • lukt
  • ødem
  • kva fase i heilingsprosessen såret er i

Utfordringar til deg

  1. Kvifor har eldre menneske lettare enn andre for å få sår?
  2. Kva er dei viktigaste skilnadene mellom eit venøst og eit arterielt leggsår?
  3. Kva skal til for at eit sår blir karakterisert som kronisk?

  4. Kva observasjonar bør du gjere når ein pasient har sår?

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.02.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet