Hopp til innhald

Fagstoff

Indre konfliktar

Ein indre konflikt er ein tilstand der minst to motstridande ønske er til stades hos eit menneske. Det blir ein samanstøyt mellom personen sine ulike behov, interesser, verdiar, haldningar og/eller handlingar.
Mann med opent hovud der tre personar diskuterar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom nokon ikkje kan få oppfylt alle ønska, er utfordringa å bestemme kva dei vil leggje mest vekt på ved kvart høve. Konflikten kan ha samanheng med forhold i privatlivet eller jobben eller begge delar. Ambivalens, som tyder vanskar med å ta ei avgjerd, er eit kjenneteikn ved indre konflikt. Personen kan kjenne seg blokker

Indre konflikt er eit omgrep som rommar mykje. Tilstanden har samanheng med, og flyt over i, omgrepet etisk dilemma. Etiske dilemma kan vere ei form for indre konflikt. Felles for alle indre konfliktar er utryggleiken og ubehaget.

Indre konflikt – kva er det?

Kvart menneske er ein heilskap sett saman av kropp, tankar, kjensler og sosiale og åndelege behov eller ressursar. Interessene kan skifte, medan haldningane og verdiane utviklar seg gradvis – heile tida – medvite eller umedvite. Å oppleve motsetnader mellom desse – inne i seg sjølv – er ganske vanleg. Motsetnader kan bli store og vare i lang tid. Da blir det kalla ein indre konflikt. Nokre gonger blir også sterke kjensler aktiverte i form av irritasjon og frustrasjon.

Indre konflikt:
Du opplever å bli dregen mellom motstridande kjensler for ei sak eller ein person.

Korleis oppstår indre konfliktar?

I den indre verda vår er det ein stadig kamp mellom behov og ønske på den eine sida og det vi har lov til / er nøydde til å gjere på den andre sida. Da blir det konflikt mellom ønska våre og samvitet.

Ta for eksempel ein yrkesutøvar som mistrivst på jobb, og som ofte har behov for å ta pausar utanom avtalt tid. Samtidig er han heilt avhengig av denne inntekta. Kva bør han gjere?

Stressa ung kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis kan ein indre konflikt opplevast?

Konfliktar kan opplevast som fastlåste medan vi er midt oppi dei, men dei fleste blir løyste etter kvart. Måten å reagere på er forskjellig, avhengig av dei verdiane og normene den enkelte har. Kjenneteikn ved nokon som opplever indre konflikt, er at ein blir tankefull, uoppmerksam, usikker, frustrert, uroleg, irritabel, aggressiv, sint, kjenner skuld, skam eller dårlig samvit. Indre konfliktar kan utløyse ein stresstilstand i kroppen.

Kva kan du sjølv gjere?

  • Finn ut kva konflikten eigentleg handlar om.
  • Set av tid til å reflektere over – tenkje over – saka. Innhent fagkunnskap dersom det er nødvendig.
  • Set ord på dei kjenslene du har. Dette kan du gjerne gjere skriftleg dersom det er naturleg for deg. På den måten kan du «tømme hovudet» for tankespinn. Det kan òg gjere det lettare å sjå og sortere ulike delar frå kvarandre og finne løysingar.
  • Snakk med nokon du har tillit til. Det kan vere nokon i familien, venner eller andre. Det å kjenne seg forstått er ein stor lette for mange. Be leiaren din om rettleiing. Dette er særleg aktuelt dersom konflikten kan kome av forhold på arbeidsplassen.
  • Oppsøk helsevesenet for å få hjelp – kontakt fastlegen dersom vonde tankar og kjensler varer lenge og/eller går ut over dei daglege gjeremåla dine.
  • Ta vare på deg sjølv (eigenomsorg). Hugs at du treng mat, drikke, kvile og søvn for å fungere. Ta del i aktivitetar som gir deg energi.


Utfordringar til deg:

  1. Ein arbeidstakar skal i utgangspunktet vere lojal mot arbeidsgivaren sin. Dersom nokon da opplever å bli dårleg behandla av leiaren, kan lojaliteten bli sett på prøve. Det kan vere freistande for arbeidstakaren å baksnakke og kritisere arbeidsgivaren sin overfor andre fordi han er frustrert og fortvila. Men er det ei god løysing – kva ville du gjort i ein slik situasjon?
  2. Korleis reagerer du dersom ein kollega støtt og stadig blir baksnakka på jobben? Korleis kan du da kome i ein situasjon du opplever som ein indre konflikt?
  3. Mange foreldre opplever indre konflikt i valet mellom jobb og privatliv. Tida strekk ofte ikkje til. Kva tenkjer de om dette?
  4. Ei jente som er motstandar av abort, blir gravid på eit upassande tidspunkt i livet. Diskuter korleis ein indre konflikt kan oppstå i dette tilfellet.
  5. Ein ungdom er svært misnøgd med utsjånaden sin. Han strevar med vanskelege tankar og kjensler i forholdet til kroppen. Kan dette føre til indre konflikt?
  6. Mange nordmenn har foreldre som er fødde og oppvaksne i eit anna land og med ein annan kultur. Nokre barn og unge opplever derfor indre konfliktar fordi det er ulike normer ute og heime. Diskuter korleis dette kan opplevast.
CC BY-NC-SASkrive av Tove Bostad.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2020

Læringsressursar

Ueiningheit og konflikt