Hopp til innhald

Fagstoff

Hersketeknikkar, makt og kommunikasjon

Makt påverkar kommunikasjonen med andre, og hersketeknikkar er knep som kan gi andre overtaket i ein situasjon. Kva er vanlege hersketeknikkar, og kva kan du gjere viss nokon bruker dei mot deg eller andre?
Jente ser på gut og ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hersketeknikkar er uttrykksmåtar og åtferd som nokon bruker for å få andre til å føle seg underlegne og dumme, og som kan gi dei overtaket i ein kommunikasjonssituasjon. Viss du er klar over kva desse teknikkane går ut på, er det lettare å få auge på dei når dei blir brukte i kommunikasjonen.

Dei fem hersketeknikkane

Dei første hersketeknikkane vart identifiserte av tidlegare politikar og professor i sosialpsykologi Berit Ås på 1970-talet:

  • latterleggjering
  • usynleggjering
  • å halde tilbake informasjon
  • fordømming uansett kva du gjer
  • påføring av skuld og skam

Dei vanlegaste hersketeknikkane

Menneske som bruker hersketeknikkar, er først og fremst opptekne av å vise at dei har makt. Dei klarer ofte å "vinne" ein diskusjon fordi motparten blir uviss, kanskje til og med redd. Vi skal her sjå nærare på nokre hersketeknikkar som du sikkert kan kjenne igjen. Du har kanskje òg brukt dei sjølv, utan å tenkje over kva du eigentleg gjorde?

Latterleggjering

Nedsetjande kommentarar og personkarakteristikkar kan få motparten til å bli sint og miste fatninga, eller til å bli såra og taus. I begge tilfelle "vinn" den som manipulerer:

"Du er så søt når du er sint!"
"Det du seier, er heilt hol i hovudet!"
"Noko anna var ikkje å vente frå deg. Vi veit då alle at du ikkje gjer anna enn å smiske for læraren!"

Eit nedlatande kroppsspråk er ein annan effektiv måte å forstyrre og såre andre på. Den som ler overdrive, skjer grimasar, himlar med auga og løftar augebryna, gir tydeleg til kjenne at hen ikkje tek den som taler, alvorleg.

Stadige avbrytingar

Ein som stadig avbryt ein person som snakkar, formidlar indirekte: "Eg gidd ikkje å høyre på det du seier. Det eg har å kome med sjølv, er mykje viktigare." Dei fleste blir irriterte når dei aldri får snakke ferdig, og når folk er sinte, tenkjer dei gjerne mindre klart. Dermed får den som avbryt, endå ein fordel i diskusjonen.

Usynleggjering

Det er ein grunnregel i samtalane til alle slag at vi gir kvarandre respons. Viss ingen kommenterer det vi seier, blir vi gjerne uvisse og byrjar å lure på om vi har sagt noko uvesentleg eller dumt. Viss dette skjer mange nok gonger, skal det etter kvart mykje til før vi igjen tør å ta ordet. Vi blir "usynlege".

Dobbeltstraffing

Med dobbeltstraffing meiner vi at same korleis vi reagerer, blir reaksjonen tolka i verste meining. I filmklippet om hersketeknikkar frå NRK-serien Unormal under, ser du korleis den eine jenta kritiserer og er usamd med den andre jenta uansett kva ho seier, først om filmen og Brad Pitt, så om skjørtelengda.

NRK TV: Unormal – 7 hersketeknikker du må vite om

Tenk over / diskuter:

Har du opplevd å føle deg dum eller underlegen i ein kommunikasjonssituasjon? Sjå om du kan bruke kunnskapen om hersketeknikkar til å forklare kva som skjedde.

Kva hersketeknikkar bruker du?

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Eli M. Huseby.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Ueiningheit og konflikt