Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Handtering av ueinigheit

Når fleire menneske jobbar saman, kan det oppstå ueinigheit om korleis ulike oppgåver skal løysast, og kva som skal prioriterast. Korleis kan du handtere ueinigheit og konfliktar til beste for alle involverte partar?

Konfliktar kan oppstå dersom nokon opplever at dei blir urettferdig behandla.

Individuelle oppgåver

  1. I kva situasjonar har du opplevd å bli urettferdig behandla?

  2. Gi døme på at andre blir, eller har vorte, urettferdig behandla.

  3. Kva er forskjellen på ein verdikonflikt og ein familiekonflikt?

  4. Kva kjensler kan utløysast når du er involvert i ein konflikt?

  5. Kvifor er det lurt å ta tak i konfliktar så tidleg som mogleg?

  6. Kva råd vil du gi til venner eller kollegaer som er ueinige, slik at dei kan løyse konflikten?

Diskuter med ein medelev

  1. Kva er forskjellen på å behandle alle rettferdig og å behandle alle likt?

  2. Er det rettferdig å behandle alle likt? Bruk døme til å grunngi svaret ditt.

  3. Korleis kan konfliktar på arbeidsplassen føre til læring og utvikling? Grunngi svaret.

  4. Vel deg eit yrke innan helse- og oppveksttenestene som du kan tenke deg å utdanne deg til. Kva konfliktar trur du kan oppstå i dette yrket mellom

    1. kollegaer

    2. fagarbeidarar og brukarar eller pårørande av tenesta

  5. Beskriv ein konflikt som du eller nokon du kjenner, er, eller har vore, involvert i.

    1. Kva modell for konflikthandtering vil vere lurt å bruke for å løyse denne konflikten?

    2. Forklar korleis og kvifor denne modellen kan bidra til å løyse konflikten.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2022

Læringsressursar

Ueiningheit og konflikt