Hopp til innhald

Fagstoff

Skjema for kryssvendar og endevendar

Vi bruker kryss- og endevendar til mellom anna å slå av og på eit lys frå fleire ulike posisjonar. Når vi planlegg og utfører denne typen installasjon, bruker vi installasjonsteikningar og koplingsskjema.
Endevendar (vekselvendar) for skjult installasjon, innfelt brytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Installasjon av kryssvendar og endevendarar

I ein lang gang eller i eit trappehus kan det vere ønskjeleg å kunne skru av og på lyset frå fleire ulike stader. Dette kan vi ordne ved hjelp av to eller fleire brytarar. I ein lang gang med dør i kvar ende kan vi bruke to endvendarar, då kan den elektriske krinsen opnast og lukkast frå begge endar.

I eit trappehus kan vi montere ein endevendar i kjellaren og ein i øvste etasje, og vi monterer deretter ein kryssvendar i kvar etasje. No kan vi skru lyset av og på i alle etasjane.

El-installsajon med kryssvendar og endevendar. Illustrasjon.

I dette tilfellet ønskjer kunden å ha tre brytarar på soverommet, for å kunne skru av og på taklampa. Her trekkjer vi L- og N-grein pluss jording frå tilførselspunktet til endevendaren nedst på installasjonsteikninga.

Vi skal no tenkje at vi lagar ein krins for L-greina, der alle brytarane er komponentar i denne krinsen. Vi monterer L-greina inn på endebrytaren og ser at ho har to utgangar (L1 og L2). Vi må no trekkje fire leiarar vidare til kryssvendaren ved døra (N, jord, L1, L2). Her koplar vi L1 og L2 inn på kryssvendaren og koplar på to nye leiarar frå L1 og L2 på utgangen. Vi trekkjer alle fire leiarane vidare til endevendaren ved senga, der koplar vi L1 og L2 inn på endevendaren. Det er no berre éin utgang på endevendaren, L1 og L2 er no berre L, og vi kan dermed seie at krinsen med dei tre brytarane er slutta. Vi trekkjer no L, N og jording vidare til lampa.

Når vi no koplar straum på krinsen og får lys i lampa, vil straumen som går i L-greina, passere i anten L1 eller L2 gjennom krinsen, avhengig av kva posisjon brytarane står i.

Sjå animasjon på Wikipedia.

Koplingsskjema for kryssvendar og endevendar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Her skal du installere og lære om forskjellige lyskjelder som er styrte av dei vanlegaste lysbrytarane som blir nytta i bustader.

CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Lys, lysstyring og stikkontakter