Hopp til innhald

Fagstoff

Hovslaging

Hovslagaren er jamleg innom stallen for å sko hesten og stelle hoven. Hovslagar er eit eige yrke. I denne artikkelen ser vi nærare på kva ein hovslagar gjer.
Hovslager med hestesko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovslagar

Ein hovslagar skal sko og klippe ned hovane på alle typar hestar og han har kunnskap om hovpleie, helse og sjukdom, verktøy og materiale. Om hesten skal ha sko eller ikkje, kjem an på kva hesten treng, men alle hestar har behov for jamleg verking. Talet på hestar, næringsverksemder og bruksområde aukar, og det betyr auka etterspurnad etter profesjonelle yrkesutøvarar.

Å arbeide som hovslagar krev i første rekke at du har utdanning og evna til å lære av dei erfaringane du gjer deg etter kvart. I tillegg må du kunne samarbeide med veterinærar, trenarar, hesteeigarar og andre – til beste for hesten. Hovslagarfaget eignar seg ikkje for sjølvstudium og korte kurs. Den vidaregåande utdanninga tek fire år

Hovslagaren møter hestar med svært mange ulike behov og problemstillingar – ikkje berre friske hestar, men hestar som kan ha skade eller sjukdom relatert til eller i hovane. Det er veterinæren som stiller diagnosen viss hesten er sjuk eller skadd, men hovslagaren og veterinæren må samarbeide for å finne den optimale løysinga.

Ein kompetent hovslagar grunngir vurderingane sine ut frå ein fagleg ståstad og ut frå behova til hesten. Om hesten skal ha sko eller ikkje, avheng av behova til hesten. Verking for barfot inngår òg i læreplanen for hovslagarfaget, i tillegg til smiing.

Bli med hovslagaren på jobb

I denne presentasjonen får du følge hovslagaren på jobb, og du får eit inntrykk av arbeidet til hovslagaren.

Oppgave

Dra og slepp rett namn på verktøyet til hovslagaren

Relatert innhald

Lurer du på korleis det er å jobbe som hovslagar? Her finn du meir om hovslagaryrket.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Hestenæringa