Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike typar hestehald

Vi bør basere alt hestehald på kunnskap om dei naturlege behova til hesten. I praksis må vi òg ta omsyn til økonomi og sikkerheit for hest og menneske. Det finst ulike former for hestehald i Noreg, og ofte skil vi mellom utegang og oppstalling av hestane.
Biletekollasj som viser eit hesteanlegg med stall og vaskespilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stall

Kva er ein stall?

Ein stall er ein bygning som har ein boks eller spiltau til kvar hest. Ein boks er eit avgrensa rom, med dør ut til gang- og/eller uteareal. Boks er det vanlegaste i dag. Spiltau er eit avlukke der hestane står bundne i eit tau. Dette var vanlegare i gamle dagar, men nokre stallar har det framleis.

Kva seier reglane?

Om ein stall har over ti hestar, er han registreringspliktig. Det vil seie du må søkje Mattilsynet om godkjenning.

I forskrift for hestevelferd og rettleiaren til denne kan vi finne ganske detaljerte retningslinjer om korleis ein stall bør vere bygd. Det er krav til mellom anna solide materiale og god plass, god luftkvalitet, brannsikkerheit og tilgang på varmt og kaldt vatn. Storleiken på ein boks bør vere tilpassa storleiken på hesten (eller større), til dømes minimum 9 m2 for ein stor hest. Alle dører bør vere minimum 1,2 meter breie og gangareal minimum 2,5 meter breie. Eit hesteanlegg med oppstalling skal ha tilgang på mange nok luftegardar til at alle hestane får vere ute minimum to timar per dag.

Døra inn til ein sjukeboks for hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelar med stall

For hesten gir boksen ein varm, tørr og mjuk kvileplass, skjerma frå vêr og vind. Stallen og boksen er for mange hestar ein trygg plass å vere. Når det gjeld helsesjekk, har vi mange moglegheiter til å følgje med på helsa til hesten gjennom dei normale rutinane i ein stall. Ved fôring har du full kontroll på kva kvar enkelt hest får, og om han et opp maten sin. Du ser fort om ein hest ikkje har bæsja eller har rota uvanleg mykje i boksen sin.

Hestar på stall har færre høve til å skade kvarandre enn hestar som står i , fordi dei har veggar imellom seg. Det er tryggare å nærme seg og handtere ein hest når han står åleine, enn når han står i flokk.

Utfordringar med mykje tid i stall

Fordi hestar er sosiale dyr, er det enkelte hestar som blir einsame når dei ikkje får vere saman med dei andre hestane i flokken. I nokre stallar har ein lågare boksvegger slik at hestane kan ha fysisk samvær med nabohesten.

Hestar er steppedyr. Dei har gjennom evolusjonen over titusenvis av år tilpassa seg eit liv der dei vandrar og et døgnet rundt, med berre små kvilepausar innimellom. I ein boks er det avgrensa moglegheiter for rørsle. Fôring og reingjering kan òg vere tidkrevjande fordi rutinane gjerne er slik at vi fôrar, vatnar, handterer og så vidare éin og éin hest av gongen.

Utegang

Kva er utegang?

Utegang er ei driftsform der hesten er ute heile døgnet. Hestane kan sjølv velje kvar dei vil opphalde seg, når dei vil kvile, og når dei vil vere aktive eller sosiale. Ein utegang består ofte av eit større inngjerda område med ein eller fleire bygningar med som hestane kan søkje ly i ved behov. Hestane blir som regel haldne i flokk på utegang.

Kva seier reglane?

I forskrift for hestevelferd paragraf 25 står det definert minimumskrav for utegang. Her er det nemnt at fôringsplass og liggjeplass må vere godt drenerte og tørre. Liggjeplassar må ha minst tre veggar og tak, og golvet bør vere dekt av halm eller anna materiale som tilbyr ein tørr og mjuk liggjeplass. Eteplassen bør ha tak over seg om fôret blir liggjande ute meir enn eitt døgn i strekk. Det må vere ein eigen plass der ein kan stengje inn hestar som treng spesielt tilsyn, eit rom utan trekk, som kan varmast opp, i nærleiken av dei andre hestane. Det må vere tilgang til rom der personell kan skifte klede og reingjere utstyr i rimeleg nærleik til utegang. Det må òg vere tilgang til varmt og kaldt vatn. Reglane i paragraf 25 for utegang gjeld ikkje hestar som går på beite i beitesesong.

Grønt utandørs vasstrau for hestar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dagleg tilsyn er pålagd for alle hestar både på utegang og beite. Forskrifta seier òg at enkelte hestar, som drektige hopper, føl og sjuke eller skadde hestar, treng endå hyppigare tilsyn.

Fordelar med utegang

På utegang får hestane bevege seg ved behov. Hestar på utegang er derfor ikkje like avhengige som oppstalla hestar av den daglege treninga vi tilbyr. Hestane får òg vere sosiale når dei ønskjer, stelle kvarandre, leike og så vidare. Har dei ein god hesteven på beitet, får dei dekka dei sosiale behova sine. Mange hestar blir av dei nemnde grunnane rolegare og enklare å handtere i denne driftsforma. Nokre hestar trivst ikkje så godt med å stå på boks. Nokre gonger blir dei frustrerte og kan utvikle stereotypisk åtferd (les meir om dette i eigen artikkel). Slike hestar viser ofte betrakteleg mindre stereotypisk åtferd viss dei får stå på utegang.

Rutinar med reingjering av utegang er like tidkrevjande som reingjering av boksar, å fjerne møkk dagleg er framleis viktig. Men vi har moglegheiter til å gjere rutinane litt annleis og ta i bruk annan teknologi. Til dømes kan vi nytte teknologiske hjelpemiddel som køyretøy med møkkoppsamlar til å gjere arbeidet med. Fôring og vatning går raskare når vi gir til alle på ein gong, enn når vi må fordele det i boksar i ein stall. Vi kan til dømes leggje ut grovfôr for eitt til to døgn av gongen.

Grovfôrhekk for hestar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar med utegang

Ikkje alle hestar trivst på utegang. Nokre frys lett, nokre er kanskje mørkeredde. Nokre blir kanskje behandla dårleg av resten av flokken. Hestar er vanedyr, og dei vil ofte trivast med det dei er vane med. Det må derfor vere mogleg med gradvis tilvenning til utegang, og vi må vurdere ut frå åtferda og haldet til hesten om dette er det rette for hesten.

Mange utegangar praktiserer fri tilgang på grovfôr. Dette er bra for mange hestar, men for dei meir lettfôra typane, som enkelte ponniar og ofte dei norske kaldblodsrasane, kan fri tilgang på grovfôr føre til at dei får i seg for mykje mat og blir feite. Dette kan igjen føre til helseproblem.

Når mange hestar står saman og et saman, kan det bli litt knuffing. Hestane kan få fleire småskadar, dekken blir lettare øydelagde og så vidare. Ei anna utfordring vi får når hesten går på utegang, er å få med seg alt som skjer med han. Når hestane et, drikk og søv saman, er det vanskeleg å oppdage om ein hest sluttar å ete, drikke eller skite. Når hesten først blir sjuk, må han takast ut av det vande omgivnadene sine for å få pleie, eit miljøskifte som kan vere frustrerande for mange hestar.

Til slutt må vi òg vurdere sikkerheita til dei som handterer hestane i det daglege. Det er klart ein noko større risiko ved å bevege seg i ein flokk med hestar på utegang enn med éin hest i ein stall eller luftegard. Val av driftsform vil ofte vere påverka av kva ressursar ein har tilgjengeleg. Utegang er arealkrevjande, og det kan derfor vere mindre vanleg i bynære strøk der areal er ein knapp ressurs.

Automatisk fôringsanlegg for hestar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Driftsformene stall og utegang er begge ressurskrevjande. Ein god utegang krev like mykje investeringar og like mykje arbeid i vedlikehald som bygging og drift av ein stall med luftegardar. Som nemnt har dei ulike driftsformene fordelar og ulemper. Ein hesteeigar som skal velje stall til hesten sin, tek utgangpunkt i sitt syn på hestehald og kva som er tilgjengeleg i området der ein ønskjer å ha hesten.

Skal ein starte eige hestesenter, må ein ta utgangspunkt i dei ressursane ein har tilgjengelege, og lage ein plan for kva som er mogleg å gjennomføre. Uansett driftsform må ein sørgje for at hestane trivst, får dagleg tilsyn og stell og behandling om dei blir sjuke eller skadar seg.

Oppgåver

  1. Kva typar hestedrifter kjenner du til?

  2. Ta utgangspunkt i ein hest du kjenner (til dømes ein av hestane på skulen). Diskutere korleis denne hesten vil trivast, og kva utfordringar han vil få
    a) på stor utegang med mange andre hestar året rundt
    b) oppstalla med ti timar i luftegard per dag

  3. Set opp stikkordlister over fordelar med å hesten oppstalla og fordelar med å ha hesten på utegang.

  4. Kva for nokre teknologiske hjelpemiddel kan lette kvardagen til dei faglærte i desse driftsformene?
    a) stall
    b) utegang

Omgrep

utegang
driftsform der hestane går ute døgnet rundt
oppstalling
driftsform der hestane står i stall delar av døgnet
boks
eit rom der hesten oppheld seg når han er oppstalla
spiltau/spilt
eit avlukke der hesten står bunde opp i ein stall
flokk
fleire hestar som går saman fritt eller på beite
fri tilgang
betyr som regel at det ligg mat framme til hestane, som dei kan gå og ete av når dei vil
liggjeplass
ein tørr stad i ly for vêr og vind der hesten kan kvile (gjerne på beite eller i ein utegang)
fôringsplass
staden der fôret blir servert
teknologisk hjelpemiddel
teknisk utstyr/ verktøy som lettar eller tek over for manuelt arbeid
Kjelde

Forskrift om hestevelferd. (2005). Forskrift om velferd for hest (FOR-2005-06-02-505). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2005-06-02-505

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Hestenæringa