Hopp til innhald

Fagstoff

Hestehald i Noreg

Frå å ha vore ein viktig del av norsk landbruk blir hesten no brukt i hovudsak til fritid, rekreasjon og idrett. Hesten er framleis representert i norsk landbruk, men dette er ikkje hovudarenaen for hesten.
Fleire hestar med ryttarar på ei strand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hesten før

Før mekaniseringa av landbruket var hesten viktig og nødvendig både som arbeidskraft i landbruket og som framkomstmiddel. Hestane vart brukte i Forsvaret. I kløvkompania vart hestane brukte til kløv, riding og køyring. Hestesport var òg ein arena for hesten, men i mindre omfang enn no for tida.

Hest trekker tømmerlass på vinterføre. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Talet på hestar i Noreg

Før mekaniseringa av landbruket var talet på hestar i Noreg 238 000. Etter at traktoren gjorde sit inntog, fall talet på hestar til cirka 20 000 dyr i 1970-åra. Sidan den gong har det sakte, men sikkert stige.

Ifølge det nasjonale hesteregisteret var det 100 000 hestar i Noreg i 2022, men det er uvisst kor nøyaktig dette talet er.

Hestenæringa er i sterk vekst, og utrekningar viser at det blir omsett for cirka åtte–ni milliardar per år. Det utgjer 12 500 årsverk.

Kva blir hesten brukt til?

I hovudsak blir hesten brukt til idrett, fritid og terapi.

Arbeid

Arbeidshesten er ikkje ein viktig del av norsk landbruk i dag. Sjølv om færre bruker hesten i landbruket og skogbruket no enn tidlegare, er det framleis aktuelt, òg ved dei vidaregåande skulane som tilbyr naturbruk. Det blir òg arrangert ulike konkurransar, som NM i brukshest og skoghest.

Idrett

Norges Rytterforbund organiserer fleire konkurranseformer, der sprangriding har flest utøvarar. Norges Rytterforbund har cirka 35 000 medlemmar, og 80 prosent av dei er kvinner.

Det Norske Travselskap har 16 000 medlemmar. Norsk Rikstoto er ei stifting som vart oppretta av Det Norske Travselskap, og Norsk Rikstoto driv spel på hest.

Det er òg mange andre organisasjonar som har ansvar for aktivitetar med og for hest.

Fritid og rekreasjon

Mange har hest som hobby. Viss du ikkje har plass til hest der du bur, er det eit alternativ å leige stallplass hos ein stall eller eit hestesenter. Omtrent 70 prosent av hestane i Noreg blir brukte til fritid og rekreasjon. Mange turistdestinasjonar har òg hesteriding som ein del av tilbodet sitt.

Terapi

Hesten blir òg brukt i helsesamanheng: i hippoterapi, terapiriding og psykoterapi. Vidare blir hesten brukt i sosial- og spesialpedagogisk arbeid og tilbod.

Kvinne med rideklede sit i ein rullestol mens ho omfamnar hovudet til ein hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hesterasar i Noreg

I Noreg har vi fire nasjonale hesterasar:

  • dølahest

  • fjording

  • nordlandshest/lyngshest

  • kaldblodstravar

De tre første blir òg kalla dei særnorske hesterasane.

Det finst òg mange andre hesterasar. Det blir drive avl på importerte rasar, og eigne raseorganisasjonar står for avl på og vedlikehald av rasane.

Det blir førte stambøker over alle reinrasa hestar i Noreg. Norsk Hestesenter er stambokførar for dei norske rasane.

Hestehald som krev løyve frå Mattilsynet

Viss du skal drive hestesenter, treningsstall eller omsetje meir enn seks hestar i året, må du søke om løyve frå Mattilsynet. Dersom du har eit hestehald der hestane skal kunne sendast til slakt, eller du har ti eller fleire hestar, må du òg melde frå til Mattilsynet.

Godkjend hestebedrift?

Logo med teksten: Godkjent hestevirksomhet. Denne virksomheten oppfyller kravene i Bransjestandard Hest. Illustrasjon.

Bransjestandard Hest er ei frivillig sertifiseringsordning utarbeidd av Matmerk og Norsk Hestesenter. Norsk Hestesenter tilbyr kurs og godkjenning, Matmerk står for kontrollen av bedriftene. Sjølv om dette er ei frivillig godkjenningsordning og ikkje eit krav, er det fleire fordelar med å gjennomføre dette. Bedriftene kvalitetssikrar tilboda og tenestene sine.

Jobbe med hest?

Det er mange yrke der du kan arbeide med eller for hestar. Mange startar si eiga verksemd. Etterspurnaden etter yrkesutøvarar og tilbod er god.

Her ser du nokre av dei bransjane der hesten er produktet, eller der hesten er eit komplementært produkt / ei komplementær teneste:

  • fjellriding
  • fôrprodusent
  • ridelærar
  • husdyrvitskap
  • veterinær
  • utleigestall
  • hestefaglært
  • landbruk
  • skogbruk
  • kusk
  • travtrenar
  • konkurranseryttar
  • hestedressør
  • salmakar
  • dyrepleiar
  • pensjonat
Kjelder

Det Norske Travselskap. (u.å.). DNT organisasjon. Henta 13. oktober 2023 frå https://www.travsport.no/organisasjon/

Landbruks- og matdepartementet. (2018, 25. mai). Hesten som ressurs – Lokal næringsutvikling https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/hesten-som-resurs---lokal-naringsutvikling2/id2601834/

Noregs Rytterforbund. (u.å.). Om rytterforbundet. Henta 13. oktober 2023 frå https://www.rytter.no/om-nryf/om-rytterforbundet

Ulfeng, H. (2023, 31. mars). Ønsker mer kunnskap om hestenæringa i Norge og Sverige. NIBIO. https://www.nibio.no/nyheter/onsker-mer-kunnskap-om-hestenaeringa-i-norge-og-sverige

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2023

Læringsressursar

Hestenæringa