Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva hugsar du om kalsium?

Kalsium er et viktig mineral for kroppen. Etter at du har lese om temaet, kan du prøve deg på desse oppgåvene.

Arbeidsoppgåver om kalsium

  1. Kvifor treng vi kalsium?
  2. I kva for matvarer finn vi mykje kalsium?
  3. Kva for matvarer er dine beste kalsiumkjelder?
  4. Kva vitamin er viktig for opptaket av kalsium i kroppen?
  5. Kva heiter mangelsjukdommen ved for lite kalsium?
  6. Kven blir ofte ramma av mangelsjukdommen?
  7. Kvifor treng barn og unge meir kalsium enn vaksne?
  8. Kva bør ein frukostmeny innehalde for at ein skal få nok kalsium og vitamin D?
  9. Gå inn på kalsiumkalkulatoren på melk.no og test sjølv om du får i deg nok kalsium!
  10. Set opp ein torettars middagsmeny som er rik på kalsium! Grunngje svaret ditt!

Relatert innhald

Mineralstoffa kan ikkje dannast i kroppen, og dei må derfor tilførast via mat og drikke.

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2023

Læringsressursar

Energi og næringsstoff