Hopp til innhald

Fagstoff

Mineral og sporstoff

Mineralstoff omfattar uorganiske stoff som kroppen treng i store mengder, til dømes kalsium og fosfat, og stoff som trengst i små mengder, til dømes jern, selen og sink. Dei siste blir ofte kalla sporstoff fordi dei trengst i svært små mengder (spormengder).
Eit utval forskjellige typar frukt, grønsaker, fisk, kjøtt, kornprodukt, mjølk og meieriprodukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kalsium, fosfor, kalium, svovel, natrium, klor og magnesium er dei mineralstoffa som det er mest av i kroppen. Deretter følgjer jern, men relativt mykje mindre.

Mineralstoffa kan ikkje lagrast i kroppen, og vi må derfor få dei tilført gjennom mat og drikke. Det er angitt anbefalt inntak av ei rekkje mineralstoff. For ein del mineralstoff kan høgt inntak gi uønskte helseeffektar og forgiftingssymptom. Det er derfor også fastsett øvre grenser for inntak av ein del mineralstoff.

Mineral

Kalsium

Kalsium er heilt nødvendig for å byggje opp skjelettet og tennene og for at musklane skal kunne trekkje seg saman, impulsar frå nervetrådar skal overførast og blodet skal koagulere. Kalsium er det mineralstoffet vi har mest av i kroppen. Mjølk og ost er særleg rike kjelder til kalsium. Vi treng vitamin D for å ta opp kalsium frå maten.

Fosfor

Fosfor er ein viktig bestanddel i skjelettet og tennene og trengst for normal energiomsetning. Vi finn fosfor i proteinrike matvarer som kjøtt, fisk, egg, mjølkeprodukt og belgfrukter.

Kalium

Kalium trengst for å regulere saltbalansen og trykkforskjellen mellom innsida og utsida av celleveggane. Det er spesielt mykje kaliumion i bananar, grønsaker og poteter.

Natrium

Ordet "salt" skrive med bokstavar i ein haug med salt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Natrium er òg nødvendig for å halde ved lag ein normal trykkforskjell mellom innsida og utsida av celleveggane, og dermed for salt- og væskebalansen i og utanfor cellene. Det trengst òg for at muskel- og nervecellene skal fungere normalt, og for å regulere pH-balansen. Natrium blir i daglegtalen kalla salt.

Magnesium

Magnesium verkar saman med mange enzym og deltek i kroppen sin omsetning av energi og i produksjonen av protein og arvestoff. Fullkorn, grøne bladgrønsaker, belgfrukter og nøtter er gode kjelder til magnesium.

Sporstoff

Det er vanleg å dele sporstoffa i to grupper: dei livsnødvendige, som jern, sink og jod, og dei giftige, som bly og kadmium. Det at sporstoff er livsnødvendige, vil seie at mangel kan føre til sjukdom og i verste fall død.

Jern

Jern er heilt nødvendig fordi det både fraktar oksygen til cellene og inngår i enkelte enzym som er nødvendige i energiomsetninga. Dei viktigaste kjeldene til jern er grovt brød og andre grove kornprodukt, kjøtt, leverpostei og grøne bladgrønsaker. Vitamin C aukar opptaket av jern frå maten.

Sink

Sink bidreg til transport av karbondioksid frå cellene til lungene, det inngår i omsetninga av fleirumetta feittsyrer, det er viktig for immunsystemet, det inngår i insulin, det aktiverer enkelte enzym, og det fremjar sårheilning. Nokre gode kjelder til sink er kjøtt, mjølkeprodukt og fullkorn.

Jod

Nærbilete av halsen på ein person med struma. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jod er viktig for å halde ved lag eit normalt stoffskifte, då det medverkar til å danne hormonet tyroksin i skjoldbruskkjertelen. Tyroksin er eit hormon som er med på å regulere kroppen si energiomsetning. Gode kjelder til jod er kvit fisk, mjølkeprodukt og egg.

Giftige sporstoff

Ei lang rekkje giftstoff finn vi i ørsmå mengder i kroppen til alle menneske. Desse stoffa har vanlegvis ingen innverknad på kroppen sin helsetilstand. Ved stigande konsentrasjonar kan dei likevel påverke kroppsfunksjonane ganske markant.

Dei viktigaste giftige sporstoffa er kadmium, bly og kvikksølv.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øyvind Bønes. Rettshavarar: Bjørg E. B. Aurebekk og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Energi og næringsstoff