Hopp til innhald

Fagstoff

Kjemiske formlar og molekylstrukturar

Du veit kanskje litt om grunnstoff og om korleis atom kan «hengje saman» og danne molekyl. No skal vi sjå på korleis vi kan beskrive molekyl på kjemispråket.
Metan molekyl (hydrokarbon). Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjemiske formlar

Molekylet til det kjemiske stoffet metan er sett saman av eitt karbonatom (symbol: C) og fire hydrogenatom (symbol: H). I staden for å bruke namnet «metan» kan vi lage ein kjemisk formel som seier noko om kva metan består av. I den kjemiske formelen bruker vi dei kjemiske symbola til kvart av grunnstoffa. I tillegg skriv vi inn talet på atom av kvart enkelt grunnstoff med senka skrift rett etter det aktuelle grunnstoffet.

Metan skriv vi då slik:

CH4

Når det berre er eitt atom av eit grunnstoff, skriv vi ikkje inn talet for dette. Derfor skriv vi ikkje C1H4 for metan. Metan har kjemisk formel CH4.

Kjemiske formlar fortel oss kva for nokre grunnstoff eit molekyl er sett saman av, og kor mange atom det er av kvart grunnstoff i molekylet.

Eit vassmolekyl består av to hydrogenatom (H) og eitt oksygenatom (O).

Då blir den kjemiske formelen for vatn:

H2O

Plassering av atom i formelen

Men ofte er det ikkje nok å berre summere opp kor mange atom det er av kvart grunnstoff for å beskrive eit molekyl. Plasseringa til kvart enkelt atom i molekylet er òg svært viktig. For eksempel finst det to heilt ulike molekyl som har denne kjemiske formelen:

C2H6O

Dei to stoffa som har denne formelen, er etanol og dimetyleter. Etanol er stoffet du finn i øl, vin og brennevin. Dimetyleter er ein gass som ofte blir brukt som drivgass i sprayboksar. Det er to heilt forskjellige stoff sjølv om den kjemiske formelen er den same!

Grunnen til at dei er så forskjellige, er at atoma er sette saman på ulike måtar. Nedanfor ser du teikningar av dei to molekyla. Strekane i teikningane illustrerer to elektron som er delte mellom to atom.

Etanol og dimetyleter
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det går òg an å skrive dei kjemiske formlane for desse to stoffa på ein litt annan måte enn C2H6O for å gjere det klarare kva for eit stoff ein meiner:

  • etanol: C2H5OH
  • dimetyleter: CH3OCH3

Prøv å telje opp kor mange atom det er i kvart av dei to stoffa for å sjekke at dei er riktige!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Å lære seg kjemi