Hopp til innhald

Fagstoff

Grunnstoff

Du har heilt sikkert høyrt om grunnstoff før, men korleis definerer vi eigentleg kva eit grunnstoff er?
Gullklump i hand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Proton, nøytron og elektron

Eit grunnstoff består eine og aleine av atom som har like mange proton i kjernen.

Det betyr at grunnstoffet hydrogen berre kan ha eitt proton i kjernen. Viss det er to eller fleire proton i kjernen, er det ikkje lenger hydrogen. Då er det eit anna grunnstoff!

Proton:
Positivt ladda, er i kjerna på atomet
Nøytron:
Nøytralt, er i kjerna til atomet
Elektron:
Negativt ladda, er i ein eller fleire banar, rundt kjerna

I gamle dagar fanst det menneske som blei kalla alkymistar. Dei prøvde å gjere grunnstoffet bly om til grunnstoffet gull. Det klarte dei aldri.

Eit grunnstoff kan ikkje endre seg til å bli eit anna grunnstoff gjennom kjemiske prosessar.

Sjølv om vi ikkje kan forandre eit grunnstoff til å bli eit anna grunnstoff gjennom kjemiske prosessar, kan vi få det til ved hjelp av noko som blir kalla kjernereaksjonar. Men her skal vi konsentrere oss om kjemiske reaksjonar, og då er det altså ikkje mogleg å gjere bly om til gull.

Ballongar fylt med helium. Ulike figurer og farger. Foto.

Frå hydrogen til helium

Heliummodell. Illustrasjon.

La oss ta for oss grunnstoffet hydrogen igjen, men no legg vi til eitt proton. Då veit du at det ikkje er grunnstoffet hydrogen lenger, fordi hydrogen berre kan ha eitt proton i kjernen. Viss vi har to proton i kjernen, har vi med grunnstoffet helium å gjere.

For at summen av ladningar i atomet no skal bli null, må vi i tillegg til å ha eit ekstra proton òg ha eit ekstra elektron. Då har vi to plussladningar og to minusladningar. Det er òg nøytron i kjernen til helium. På same måten som for hydrogen finst det òg ulike isotopar av helium. Dei mest vanlege isotopane av helium har anten eitt eller to nøytron.

Isotopar er variantar av same grunnstoff, men der talet på nøytron i kjernen er forskjellig.

Litium

Litiummodell. Illustrasjon.

Legg vi til endå eitt proton, får vi grunnstoffet litium. Sidan litium har tre proton, treng vi tre elektron. Men no får vi eit lite problem: Det er nemleg berre plass til to elektron i det skalet som er nærmast atomkjernen!

For å løyse dette problemet lagar vi eit nytt skal som ligg litt lenger unna atomkjernen. I dette nye skalet er det plass til opptil åtte elektron. Litium bruker berre éin av desse plassane, men det er viktig å vite at det er plass til totalt åtte elektron i dette skalet.

I det inste elektronskalet er det plass til to elektron, og i det neste elektronskalet er det plass til åtte elektron.

Alle grunnstoff har eit atomnummer, og dette nummeret er det same som kor mange proton som ligg i kjernen. Derfor får hydrogen atomnummer 1, mens helium har atomnummer 2. Og då har du sikkert allereie gjetta at litium har atomnummer 3.

Atomnummeret til eit grunnstoff er identisk med kor mange proton som finst i atomkjernen.

Grunnstoffet som har 92 proton i kjernen, blir kalla uran. Dette er det tyngste grunnstoffet som finst i naturen. I tillegg finst det grunnstoff med fleire enn 92 proton, men desse er kunstig laga.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2018

Læringsressursar

Å lære seg kjemi