Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn internasjonale nyheitskanalar

Nyheitene er vindauget vårt mot verda – dei tek verda med heim til oss. Opplevinga av å vere augevitne gjer at vi har ein særleg tillit til nyheitssendingar på tv. Vi trur på det vi ser – fordi vi ser det sjølv.
Mann i dress i TV-studio saman med ei kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven er eigentleg kjeldene? Kor kjem bileta frå? Kvifor har ein valt akkurat denne måten å framstille saka på?

I denne oppgåva skal du studere nyheitsdekkinga i den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera English, franske France 24 og russiske Russia Today. Alle desse tre nyheitskanalane har sine eigne verdsomspennande nyheitskanalar på TV og nett.

Oppgåve

Registrer og samanlikn dei 10 viktigaste nyheitene i desse tre nyheitskanalane i går.

Analysen skal gi svar på følgjande spørsmål:

  1. Kva for delar av verda handlar nyheitene om?

  2. Korleis er nyheitene vinkla?
  3. Kva for nyheiter er felles for alle tre kanalane?
  4. På kva måte skil nyheitskanalane seg frå kvarandre?
  5. Studer spesielt nyheiter om krig og konfliktar. Korleis blir nyheiter frå dette området vinkla i dei tre kanalane?
  6. Korleis vil du forklare likskapar og forskjellar?

Relatert innhald

Internasjonal nyheitsformidling er i endring. Nye TV-kanalar, nettbaserte nyheitstenester og sosiale medium bidrar til eit meir nyansert nyheitsbilete.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 14.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling