Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder internasjonal klimajournalistikk

Internasjonal klimajournalistikk handlar ofte om store naturkatastrofar, demonstrantar som spår jordas undergang og ei endelaus rekkje av resultatlause klimakonferansar. Er dette god klimajournalistikk, eller bør journalistane leggje meir vekt på optimisme og framtidshåp?
Ein mann ror i ei pappeske ute på havet. Bak mannen er det tre haifinnar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jobb saman i grupper på fem elevar med å løyse desse oppgåvene.

Oppgåve 1

Les denne nyheitssaka i Journalisten.no frå 2020: Slik blir du en dyktig klimajournalist.

  1. Kva tips gir Astrid Rommetveit om korleis ein kan lykkast som klimajournalist?

  2. Diskuter i gruppa: Er dette gode tips? Kvifor? Kvifor ikkje?

Oppgåve 2

Jobb saman i grupper. Utforsk fem døme på internasjonal nyheitsformidling om klimakrisa i verda. Vel saker frå ulike nyheitskanalar.

Vurder kvaliteten på denne journalistikken i lys av det de lærte i oppgåve 1.

  • Er sakene aktuelle?

  • Er sakene engasjerande?

  • Er informasjonen i sakene korrekt?

  • Kan vanlege folk forstå kva det handlar om?

  • Bidreg sakene til angst og avmakt, eller gir dei tips til løysingar?

Oppgåve 3

Verda, og vi som lever her på jorda, står overfor store utfordringar når det gjeld miljø, klimaendringar, mat og ressursar. I dokumentarfilmen Don't panic – The truth about population forklarer Hans Rosling på ein underhaldande måte korleis framtida i verda kanskje ikkje er så dyster som ein skulle tru.

Sjå dokumentarfilmen Don't panic – The truth about population (2013).

  1. Kven er Hans Rosling? Søk etter informasjon på nettet.

  2. Kva handlar filmen om?

  3. Kva verkemiddel bruker Hans Rosling når han framfører bodskapen sin?

  4. Kva kan vi lære av Hans Rosling når det gjeld å lage engasjerande medieforteljingar om klimakrisa?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling