Bakgrunnsinformasjon til arbeidsoppdraget På flukt
I Noreg bur det mange menneske som har opplevd å vere på flukt frå heimlandet sitt.
På 1950-talet kom det mange flyktningar til Noreg frå Ungarn. Nokre av desse lever framleis. I Arkivverket finn du bakgrunnsinformasjon: "Flyktninger fra Ungarn 1956–1957".
På 1970-talet kom det mange flyktningar til Noreg frå Vietnam. På Norgeshistorie.no finn du bakgrunnsinformasjon: "Båtflyktninger fra Vietnam".
På 1990-talet kom det mange flyktningar til Noreg frå Bosnia-Hercegovina. Her finn du bakgrunnsinformasjon frå Statistisk sentralbyrå: "Bosniere – integreringsvinnerne?"
På 2000-talet kom det mange flyktningar til Noreg frå Somalia. Her finn du bakgrunnsinformasjon frå Wikipedia: "Somaliere i Norge.
På 2010-talet kom det mange flyktningar til Noreg frå Eritrea. NOAS har bakgrunnsinformasjon: "Hva vet du om eritreiske flyktninger?"
På 2010-talet kom det også mange flyktningar til Noreg frå Syria. Her er bakgrunnsinformasjon frå Amnesty International: "Flyktninger fra Syria"
I 2022 kom det mangle flyktningar til Noreg frå Ukraina. Her er bakgrunnsinformasjon frå UDI: "Ankomster av ukrainske flyktninger til Norge".
Dei kjeldene som er brukte som døme her, har også informasjon om fleire flyktninggrupper i Noreg. Bakgrunnsinformasjon finst også på nettsidene til regjeringa.
Læraren deler klassen i mindre grupper og sørgjer for at gruppene jobbar med flyktningar frå ulike land.
Gruppeoppdrag – intervju, reportasje og grafisk framstilling
Gruppemedlemmene fordeler arbeidsoppgåvene seg imellom.
Kvar gruppe får i oppdrag å lage eit videointervju med ein flyktning som bur i Noreg i dag. Personen bør vere over 18 år og ved god helse. Hugs å få skriftleg samtykke til at intervjuet kan inngå som ein del av ei utstilling.
Gruppa skal lage ein avisreportasje med bakgrunnsinformasjon om konfliktar i det området vedkommande kjem frå. Innhaldet i denne reportasjen skal byggje på nyheitsformidling frå både norske og internasjonale nyheitsmedium. Hugs å oppgi kjelder.
Gruppa skal også lage ein grafisk/visuell framstilling som viser kvar flyktningen kjem frå, og ulike etappar i den ruta flyktningen følgde på veg til Noreg. Be gjerne om å få kopiere private bilete som kan brukast til å illustrere fluktruta og dei utfordringane han eller ho møtte undervegs.
Klasseoppdrag – lag utstillinga På flukt
Når gruppene er ferdig med arbeidet, skal klassen i fellesskap presentere dei ulike bidraga i form av ei utstilling i eit eigna lokale på skulen, til dømes i kantina eller på biblioteket. Utstillinga skal ha tittelen På flukt.
I samband med opninga av utstillinga skal éin person frå kvar gruppe presentere arbeidet i gruppa, og reflektere over kva forståing av menneske på flukt dette arbeidsoppdraget har gitt gruppa.
Eigenvurdering
Når arbeidsoppdraget er ferdig, skal elevane skrive ein individuell refleksjonsrapport. Rapporten skal beskrive produkt og prosess.
I tillegg skal eleven reflektere over likskapar og forskjellar i det biletet norske og internasjonale nyheitsmedium gir av menneske på flukt, og kva det betyr å møte ein flyktning ansikt til ansikt.
Bruk gjerne denne rapporteringsmalen som støtte for den skriftlege rapporten.