Skip to content

Tasks and Activites

St-verb

St-verb

St-verb endar på -st i alle tider og har aktiv betydning:

  • Eg minnest han. = Eg hugsar han.
  • Eg har alltid synst du er smart. = Eg har alltid meint/trudd at du er smart.

Om du berre skal lære deg eitt st-verb godt, bør det vere verbet å synast. Det er eit ord du treng i dei fleste tekstane du skriv. Mange elevar strevar med å skrive ordet rett, både på bokmål og på nynorsk.

  • Infinitiv: å synast = eg synest

  • Presens: eg synest = jeg synes

  • Preteritum: eg syntest = jeg syntes
  • Presens perfektum: eg har synst = jeg har syntes

NB! Hugs at du skal bruke infinitivsforma etter hjelpeverba (kan/må synast osb.)

CC BY-SAWritten by: Åsa Abusland and Marion Federl.
Last revised date 08/22/2018

Learning content

Nynorskkurs