Skip to content

Tasks and Activites

Oppsummering: sterke verb

No har du vore gjennom nokon av dei vanlegaste sterke verba. Det finst sjølvsagt fleire, og er du usikker i bøyinga, er det berre å slå opp i ordboka. Det er på tide å sjekke kva du hugsar!

Øving 1

Presens, preteritum og presens perfektum av sterke verb

Øving 2

Parverb er verb som har to variantar, ein med sterk bøying og ein med svak bøying. Kva for ei bøying verbet må ha, kjem an på om det er brukt transitivt eller intransitivt. Hugsar du forskjellen mellom transitive og intransitive verb?

  • Transitive verb er dei som tar objekt. Dei skal ha svak bøying:
    Han hengde jakka si på knaggen.
  • Intransitive verb er verb som ikkje tar objekt. Dei skal ha sterk bøying: Jakka hang i garderoben.
CC BY-SAWritten by: Åsa Abusland.
Last revised date 07/03/2019

Learning content

Nynorskkurs