Njuike sisdollui
Hárjehus

Eigedomsord

Det er berre tre eigedomsord som er ulike i bokmål og nynorsk. Desse tre klarer du fint å lære deg!

I tabellen under ser du eigedomsorda på bokmål og nynorsk. Dei pronomena som er ulike på nynorsk, er utheva.

Eigedomsorda

Bokmål

nynorsk

min – mi - mitt – mine

min – mi - mitt – mine

din – di - ditt – dine

din – di – ditt – dine

hans
hennes

hans
hennar

vår – vårt – våre

vår – vårt – våre

deres

dokkar el. dykkar

deres

deira

Rett form av eigedomsordet

Du skriv kanskje “boken min” når du skriv bokmål? På nynorsk må du skrive “boka mi”. Du kan nemleg ikkje bøye hokjønns-substantiv på same måten som hankjønns-substantiv når du skriv nynorsk. Hokjønns-substantiv må få hokjønnsbøying.

Også eigedomsorda min og din må få hokjønnsform når dei står saman med eit hokjønnsord:

Har du funne veska di?

Dette er mi bok, ikkje di!

Korleis du kan vite om eit substantiv er hankjønns- eller hokjønnsord?

Sett substantivet i bestemt form eintal. Eksempel: dør-a, dronning-a. Dersom denne forma høyrest kjent og greitt ut, er det eit hokjønnsord. Men høyrest a-ending heilt rart ut, er det eit hankjønnsord. Det kan for eksempel ikkje heite: ei stol – stola. Det må vere en/ein stol – stolen.

Øving 1

Eigedomsorda min og din

Ettersett eigedomsord

På nynorsk skal du som regel sette eigedomsordet etter substantivet: faren hans, bilen vår, sofaen min.

På bokmål kan du skrive hans far, vår bil og min sofa, men også på bokmål høyrest det ofte noko meir formelt og høgtidleg ut når eigedomsordet står framfor substantivet. Det er vanlegast å skrive bilen min, sofaen min osv. også på bokmål.

Øving 2

Ettersett eigedomsord


CC BY-SA 4.0Dán lea/leat čállán Åsa Abusland.
Maŋemusat ođastuvvon 05/06/2019