Njuike sisdollui
Hárjehus

Spørjeord

Spørjeord treng vi heile tida når vi skriv eller snakkar. Dei nynorske spørjeorda er lette å lære. Kanskje du hugsar dei alle saman?

Øving 1

Nynorske spørjeord

Oversikt over spørjeorda i nynorsk

Kven bur her?
Kva gjer du?
Kvar bur du? Kor bur du?
Korleis er det med deg?
Når kjem bussen?
Kvifor seier du ikkje noko?
Kor gammal er du?
Kva hus bur du i? Kva for hus bur du i? Kva for eit hus bur du i?

Som du ser, kan du omsette spørjeordet hvor med anten kvar eller kor. Men du må alltid bruke kor i uttrykk som kor stor, kor gammal, kor langt osv.

Spørjepronomenet hvilken/hva for en kan du omsette med kva, kva for eller kva for ein. Det enklaste er å velje kva eller kva for, for da slepp du å bøye den ubestemte artikkelen (kva for ein mann, kva for ei veske osv.)

Øving 2

Nå kan du vel spørjeorda? Prøv deg på ei øving til.




CC BY-SA 4.0Dán lea/leat čállán Åsa Abusland.
Maŋemusat ođastuvvon 2019-05-06