Njuike sisdollui
Oahppanbálggis

Don leat dál muhtin oahppobálgás:
Samsvarsbøying

Hárjehus

Øvingar: sterke verb

Mange av dei verba du treng ofte når du skriv, er sterke verb. Desse verba har litt meir komplisert samsvarsbøying av perfektum partisipp enn a-verb og e-verb.
  • Perfektum partisipp av dei sterke verba endar på -e når det står etter å ha: har drukke, har ete, har funne osv.
  • Når perfektum partisipp av sterke verb er brukt som adjektiv, får det endinga -en i hankjønn og hokjønn eintal, -e i inkjekjønn eintal og -e i fleirtal.

Lær deg gjerne dei åtte sterke verba frå øving A og B. Du får ofte bruk for dei når du skriv. Gjenta øvingane heilt til du klarer dei utan å kikke på oversikta.

Oversikt over partisippa som er brukte i øving A og B
  • drukken – drukke – drukne
  • eten – ete – etne
  • funnen – funne – funne
  • halden – halde – haldne
  • lesen – lese – lesne
  • skoten – skote – skotne
  • skriven – skrive – skrivne
  • tillaten – tillate – tillatne

Øvingar

Perfektum partisipp av sterke verb.

Nokon spesielle sterke verb

Sjå på lista over verb nedanfor. Perfektum partisipp av desse verba får ikkje samsvarsbøying når det står som predikativ, det vil seie etter verba å vere og å bli. Eksempel: Stolane er tatt bort. Stolane blei tatt bort.

Infinitiv

Presens

Perfektum partisipp

Infinitiv

Presens

Perfektum partisipp

å bli

blir

blitt

å dra

drar

dratt

å få

får

fått

å gi

gir

gitt

å gå

går

gått

å la

lar

latt

å sjå

ser

sett

å slå

slår

slått

å stå

står

stått

å ta

tar

tatt


Fem av verba på denne lista kan bøyast på to måtar. Du kan for eksempel velje å skrive

  • eg tek – eg har teke
  • eg dreg – eg har drege
  • eg gjev – eg har gjeve
  • eg let – eg har late
  • eg slår – eg har slege.

Men vel du desse formene, må du også samsvarsbøye partisippet. Da må du skrive: Stolen er teken bort. Stolane blei tekne bort.

Øving


CC BY-SA 4.0Dán lea/leat čállán Åsa Abusland ja Marion Federl.
Maŋemusat ođastuvvon 2019-06-27