Njuike sisdollui
Oahppanbálggis

Don leat dál muhtin oahppobálgás:
Samsvarsbøying

Hárjehus

Øvingar: j-verb

J-verba høyrer til dei svake verba, men dei har ei litt spesiell bøying. Dei er ikkje mange, men nokon av dei har perfektum partisipp-former som er mykje brukt.

Nedanfor ser du perfektum partisipp-formene av nokon vanlege j-verb. Det er flott om du får til øvinga ved å bruke lista. Og klarer du øvinga utan å kikke på lista, er du mest sannsynleg knallgod i nynorsk!

Hankjønn og hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

å velje
å spørje
å telje
å fortelje
å selje
å skilje
å sette (å setje)

vald
spurd
tald
fortald
seld
skild
sett

valt
spurt
talt
fortalt
selt
skilt
sett

valde
spurde
talde
fortalde
selde
skilde
sette

Øving

Tilleggsspørsmål: J-verba høyrer til dei svake verba. Kva er namna på dei andre gruppene med svake verb?
  • A-verb
  • E-verb
  • Kortverb
  • (J-verb)
CC BY-SA 4.0Dán lea/leat čállán Marion Federl ja Åsa Abusland.
Maŋemusat ođastuvvon 2019-06-27