Hopp til innhold
Bokmål

Fag

Læringssti

Vanlege nynorskfeil 3: pronomen og bestemmarord

Laget av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist oppdatert 11.06.2020
Oppgave
Interaktivt innhold

Bokmålspronomenet “man”

Ordet "man" bruker vi ofte på bokmål når vi ikkje vil vise kven som skal gjere noko. På nynorsk kan vi ikkje bruke ordet i det heile tatt.

Kva er gale med denne setninga?

  • Man skal ikkje lyge.

Det riktige skal vere: “Ein skal ikkje lyge”. På nynorsk bruker vi ikkje “man”. I staden bruker vi ein, eller du eller vi.

Uttrykksmåten med “ein” er den mest upersonlege. “Vi” er noko meir personleg, men likevel formelt. “Du” er den mest personlege og mest uformelle uttrykksmåten.

  • Ein skal ikkje lyge.
  • Du skal ikkje lyge.
  • Vi skal ikkje lyge.

Av og til kan vi også bruke “dei”.

Øving


Skrevet av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 23.08.2019