Vanlege nynorskfeil 3: pronomen og bestemmarord - Bokmålspronomenet “man” - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Vanlege nynorskfeil 3: pronomen og bestemmarord

Øving

Bokmålspronomenet “man”

Ordet "man" bruker vi ofte på bokmål når vi ikkje vil vise kven som skal gjere noko. På nynorsk kan vi ikkje bruke ordet i det heile tatt.

Kva er gale med denne setninga?

  • Man skal ikkje lyge.

Det riktige skal vere: “Ein skal ikkje lyge”. På nynorsk bruker vi ikkje “man”. I staden bruker vi ein, eller du eller vi.

Uttrykksmåten med “ein” er den mest upersonlege. “Vi” er noko meir personleg, men likevel formelt. “Du” er den mest personlege og mest uformelle uttrykksmåten.

  • Ein skal ikkje lyge.
  • Du skal ikkje lyge.
  • Vi skal ikkje lyge.

Av og til kan vi også bruke “dei”.

Øving


Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 23.08.2019