Vanlege nynorskfeil 3: pronomen og bestemmarord - Pronomena de og dei - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Vanlege nynorskfeil 3: pronomen og bestemmarord

Øving

Pronomena de og dei

Det er lett å rote med fleirtalspronomena "de" og "dei". På nynorsk bruker vi nemleg "de" om andre person fleirtal, mens vi på bokmål bruker "de" om tredje person fleirtal.

Denne tabellen viser forskjellen:

Bokmål

Nynorsk

1.person

vi

vi

2.person

dere

de/dokker

3.person

de

dei

Eigedomsorda som høyrer saman med "de" og "dei", har du allereie repetert:

Pronomenet nynorsk

Eigedomsordet nynorsk

2.person

de

dykkar/dokkar

3.person

dei

deira

Men kva med forma "dokker"?

Som du ser av tabellen på toppen, kan du bruke forma "dokker" i 2. person fleirtal på nynorsk. "De" og "dokker" er likestilte, slik at du kan velje forma du finn mest naturleg for deg. I øvinga under skal du likevel prøve deg på å bruke "de" på rett stad.

Øving

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2019