Vinterreisande - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhold
Litterære tekster

Vinterreisande

"Vinterreisande" bygger på en reell hendelse fra ett av de første etterkrigsåra, da forfatteren fremdeles var et barn. Språket i fortellinga er lagt nært opp til talemålet på Stord.

Vinterreisande

Me hadde ikkje vaska golvet, men ved var boren inn, og etasjeomnen stod og dura. Under låg Rufso, gamlakjetto, og over omnen hang bleiene til litlebror min. Luka i taket var opna på gløtt for å sleppa ein lunk opp til lemen der me sov alle sju: Litleguten attmed mammo og papen, me jentene to og to andføtes på halmmadrasser i skuvsengene.

Det er mørkt, men enno tidleg kveld. Vinden sender vadlasletta i driv mot stoveglasa. Eg og dei tre småsøstrene mine sit på kne på stolane kring det runde stovebordet og lagar julepynt. Glanspapir i fleire fargar blir til englestigar, korger og lykter. Eg sit og legg ut om skulen der eventyrlege ting skjer, og om ”lerindo” som kan alt, medan eg innvier nestkommanderande i kunstene mine. Småungane må nøya seg med å lima papirstrimler saman til lenkjer. Minstesøster er nett send på kjøkenet for å henta kveitemjøl og vatn til meir lim, då det bankar på utedøra. Framandfolk altså. Kjende kom vanlegvis inn i gongen og varsla: ”E’ her folk idne?” i det dei kakka på stovedøra og opna.
Framandfolk? I dette veret? Og på litle julafta?

Me ned av stolane og ut i den kalde gongen. Stovedøra på vid vegg etter oss. Mor mi opnar utedøra så govet står inn, og stovedøra slår att, og eg har dei framfor meg, som eit bilete ramma inn av dørkarmen: Kona, lita og mørk, fremst. Splinten sjølv, hovudet høgare, halvt gøymd bak. Og ungane, fem i tal. Den minste, ikkje stort større enn litlebroren min, heng i eit knyte på ryggen til far sin. Resten krøkjer seg i hop inntil foreldra med kvar si vesle ferdabør.

Mor mi gir seg ikkje tid til å høyra på dei krypande, audmjuke orda som innleier ærendet deira. Ho føyser alle sju innom døra og let forsvarleg att. Der står dei storøygde med drypande naser. Berre eldsteguten ser i golvet medan han turkar vekk nasedråpen. Dei er gjennomblaute og har for små eller for store klede, skrale sko og støvlar. Dammane breier seg på golvet. ”Få av da våtaste, og kom inn i stovo,” seier mor mi. Og medan ”splinto” og ”splinten” kappast om å takka og prisa og let omkvedet vera: ”Velsigne deg, kona! Pene barn du har, kona. Pene, kloke barn,” tokkar me oss tilsides og let gjestene inn i varmen.

Far min kjem frå floren med melkeholken i det same, og mor mi set han til å by på nysilt melk. Sjølv har ho teke opp den skrikande litleguten og sett seg til å gi bryst. Stemma til splinto er så lys og fin. ”Å takk og lov, kona, men de ska’kje ha noke bry med oss. Me kan i alle fall drikka av same koppen.” ”Spenavarme melk. D’ e’ salighet i den,” stemmer mannen i med emissærstemma si. ”Gilde folk! Pene barn! Pene, snille barn!” Begge stemmer i omkvedet med det syngjande tonelaget sitt.

Der stod me: Fire pene, snille, kloke jenter frå åtte til tre år og niglodde – pent, snilt og klokt – på fem fillete splintungar som me aldri ville ha komme på å kalle det same. Eg stod og minte meg sjølv på at me aldri måtte seia splintar eller fantar høgt. Reisande kalla dei seg.

Og ungane glodde att. Slurpa i seg mjølk og glodde. Innimellom fleire takkseiingar og endå fleire ”pene barn” kom det for ein dag at dei reisande ikkje berre hadde vona på å få komma inn og varma seg. Det hadde sjølvsagt mor mi skjønt med ein gong, då den vanlege opningsreplikken: ”Har du ein fleskabete te meg, kona?” uteblei. No bad dei med si tynnaste stemme om å få overnatta på låven. Dei visste at det ville aldri mor mi tillata vinterstid.

Snart trykkjer fire pluss fire ungar seg i hop rundt stovebordet. To mødre sit med kvart sitt sogebarn på divanen medan to fedre hentar sekker med halm til å liggja på. Med sekkene stuva i ei krå sessar deg seg, og far min skjer ei snei av skråtobakken sin med lommekniven og byr den andre. Kona tek fram pipa, men mor mi seier ho trur ikkje at ungane har godt av det. Straks seier kona seg einig og kallar pipa ”ein syndens vederstyggelighet.”

Den vesle låglofta tømrastova hyser fjorten sjeler. Bleiene er turre, og no heng våte, slett ikkje reine, sokkar og andre plagg i omnskråa og dampar. Lufta hadde vore bra stinn om ikkje gisne stoveglas hadde sytt for ventilasjon.

Rundt bordet har eg teke styringa. Eg har henta fram leseboka og finn ut at eg er åleine om lesekunsten, endå den eldste guten avslører at han er to år eldre enn eg. Her er det berre å starta undervisninga. Snart får splintaguten likevel overtaket. Han har spennande ting å fortelja. Skumle ting. Ringen av hovud dreg seg i hop ettersom me lener oss lenger innover bordet, og guten senkar stamma til kviskring. Men då minstesøstra mi skrik i og spring til mammo, får guten ein skikkeleg nakkaklyp av far sin, og historia får ein brå slutt. Eg nyttar høvet til å ta over leiinga igjen og durar i veg med vers frå leseboka. Men interessa hos lyarane er ikkje den same, og snart ber mor mi oss rydda bordet.

Ho slår melk, som framleis er lunka, i skåler og bryt nedi beskøyter, som er turka brød me får kjøpa rimeleg i sekker på Frugård bakeri. Med sukker strødd over blir det kveldsmat både me og gjestene veit å setja pris på. Det blir fort trongt rundt bordet, så alle et der dei sit, minst to om kvar skål.

Mette og døsige av fuktig varme blir me ordra opp på soveloftet. Der legg me oss til å kikka ned luka etter tur medan halmsekkene vert lagde utover, før foreldra våre også tek kvelden og kjem opp til oss.

Neste morgon ventar same traktement etter florsstellet. Gjestene har fått på seg toleg turre klede, nytt avispapir i skorne og har samla tølene sine. Veret er opplett, og dagen lysnar. Fleire av ungane er ute alt. Eldsteguten har kviskra meg i øyra den uhyggelege slutten på historia. Eg snur meg etter han og ser liksom langt borte frå at han stikk noko i lomma med det same han fer ut døra. Dei nifse bileta frå historia sit i, og eg brettar opp trøya og studerer håra som har reist seg på armen min, medan søstrene mine driv og leitar stova rundt etter ein ball me hadde framme i går kveld. Liten og hard var han og med dårleg sprett, men skinande raud og blank.

Så kjem dei siste ”pene barn” og – endeleg – ”Du har vel ikkje ein fleskabete te meg, kona -.” Og mor mi har – som alltid. Eit spann med nysilt mjølk og ein pose med beskøyter får dei attpå. Ungane har fare føre i ein fæla fart og er oppe på storevegen alt. Eldsteguten skundar seg bak til veslejenta som seinkar dei, og dreg henne med seg. Med takkseiingar og lovprising følgjer opphavet etter. Eg følgjer dei med augo heilt til sistemann blir borte bak svingen. ”Har du fått saugastiren?” spør den seksårige søster mi. ”Ballen!” seier eg og vaknar. ”De fann ikkje ballen, gjorde de vel!?”

”Julatre! Julatre!” syng søstrene mine i kor, held kvarandre i hendene og hoppar rundt. Far min går på låven for å henta inn grana han hogde i går. Mor mi vaskar golvet.

Relatert innhold

Oppgaver og aktiviteter
Vinterreisande

Oppgaver til fortellinga "Vinterreisande" av Odny Bjordal.

Skrevet av Odny Bjordal.
Sist faglig oppdatert 10.01.2019