Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Tyskland sigrar på alle frontarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Tyskland sigrar på alle frontar

Stortingsbygget med banneret ”Deutschland siegt an allen Fronten”.

Stortingsbygget med banneret «Deutschland siegt an allen Fronten». Arkivreferanse: Riksarkivet, NTBs krigsarkiv, Serie, Ue- Norge under okkupasjonen, eske nr. 99.

Den 9. april 1940 starta den tyske okkupasjonen av Noreg. Tyske soldatar marsjerte inn i dei største byane og tok over den formelle styringa av landet vårt. Fotografiet du skal studere, er frå Oslo like etter at okkupasjonen starta.

Oppgåve 1

Teksten som er hengd opp på tvers av stortingsbygningen, er skriven på tysk og tyder «Tyskland sigrar på alle frontar».

Studer biletet nøye og svar på desse spørsmåla:

  1. Når og kor vart dette biletet teke? Månad og år.
  2. Beskriv det du ser på biletet.

Oppgåve 2

Ofte kan eit bilete ha ulik tyding alt etter kva samanheng det blir nytta i. Eit bilete som opphavleg var meint å dokumentere ei positiv hending, kan av ein annan tolkast som bevis på at den same hendinga var negativ.

  1. Sjå nøye på biletet ein gong til. Førestill deg at du finn dette fotografiet i ei norsk illegal avis frå 1940. Korleis ville du som nordmann tolka biletet da? Gi ei kort grunngiving.
  2. Førestill deg at du fann fotografiet i ei tysk avis frå den same tida. Korleis ville du som tyskar ha tolka dette biletet? Gi ei kort grunngiving.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale