Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Personleg intervju

Personlege intervju går føre seg ansikt til ansikt. Då får intervjuaren informasjon ikkje berre gjennom det som blir sagt, men også gjennom kroppsspråket til intervjuobjektet. I tillegg er det lett å klare opp i misforståingar undervegs.

Bilete av ein intervjusituasjon.
Det er ein stor fordel å kunne sjå og tolke kroppsspråket til eit intervjuobjekt!

Strukturert intervju

Eit personleg intervju kan gjennomførast ved å følgje eit strukturert spørjeskjema slik at alle respondentane, (intervjuobjekta) får dei same spørsmåla. Denne framgangsmåten er vanleg når folk blir intervjua på gata, eller når intervjuaren oppsøkjer folk der dei bur, for å stille spørsmål. Ein av fordelane med denne metoden er at svara lett kan systematiserast. Dessutan har intervjuaren augekontakt med respondenten, slik at det er lettare å vurdere om vedkommande snakkar sant eller ikkje. I tillegg kan ein klare opp i misforståingar med det same. Ulempa er at folk ofte ikkje er særleg interesserte i å bruke tid på slike intervju, og at dei fortar seg gjennom spørsmålsrekkja for å bli ferdige. Då risikerer ein å få svar ein ikkje kan stole på.

Djupneintervju

Eit djupneintervju er ein friare samtale der ein er innom bestemte tema og snakkar rundt dei. Valet av strukturert intervju eller djupneintervju er avhengig av temaa ein vil ta opp, og av typen informasjon ein ønskjer. Viss undersøkinga stort sett handlar om enkle, meir «overflatiske» spørsmål som «Kva for ein storby besøkte du sist, og kva for nokre attraksjonar fekk du med deg?» er nok det strukturerte intervjuet mest føremålstenleg. Ønskjer intervjuaren derimot å få vite noko om haldningane respondenten har til U-hjelp eller eiga helse, kan det vere på sin plass med eit djupneintervju.

Fokusgruppeintervju

Personlege intervju kan gjennomførast individuelt eller i grupper. Når vi intervjuar ei gruppe personar som høyrer til den målgruppa vi vil nå, snakkar vi om eit fokusgruppeintervju. I eit slikt intervju går praten ustrukturert og uformelt rundt det eller dei temaa som står på dagsordenen. Eit fokusgruppeintervju kan derfor karakteriserast som eit djupneintervju med fleire deltakarar.

Dersom eit forlag planlegg å gi ut eit nytt blad for jenter i alderen ti til fjorten år, til dømes, vil dei invitere ei gruppe på mellom fem og ti personar i denne aldersgruppa til eit fokusgruppeintervju. Den som leiar intervjuet (kalla ein moderator), har som oppgåve å få fram den informasjonen forlaget ønskjer seg, ved å snakke seg gjennom tema for tema, spørje om årsaker, la jentene sjølve snakke seg imellom og lytte til det som blir sagt. Praten vil ofte bli teken opp på ei lydfil, slik at moderatoren seinare kan skrive ein rapport og tolke det som blei sagt, utan å risikere at vesentleg informasjon går tapt.

Bilete av ei fokusgruppe.
Fokusgruppeintervju er djupneintervju der ein inviterer fleire personar som representerer ei bestemt målgruppe. Kva kan vere fordelen med å intervjue folk i grupper framfor individuelt?

Ein krevjande intervjutype

Djupneintervju er tid- og ressurskrevjande. Det tek lang tid å gjennomføre dei, og informasjonen ein får, må tolkast og omarbeidast. Det krev dessutan at intervjuaren har erfaring, for å sikre at intervjua gir svar på det ein ønskjer å undersøkje.

På den andre sida kan ein få mykje verdifull informasjon gjennom denne typen intervju. Ein kan mellom anna spørje om haldningar og meiningar og få nyanserte svar. I tillegg har djupneintervju felles med andre personlege intervju at den som stiller spørsmåla, kan tolke kroppsspråket til respondentane, intervjuaren kan formulere om spørsmål som er vanskelege å oppfatte, og han eller ho kan klare opp i eventuelle misforståingar undervegs.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs