Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for samtale og dialog ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Er filosofi viktig for deg?

Filosofi er eit fag du kan studere. Filosofihistoria viser korleis ulike filosofar har forsøkt å gi svar på allmenne og eksistensielle spørsmål. Men det å filosofere kan ein også forstå som ein metode for å utforske grunnleggjande spørsmål på ein open og undrande måte.

En ettertenksom person sitter på et spørsmålstegn. Illustrasjon.

Filosofi som fag og metode

Som fag har filosofien vore oppteken av spørsmål som:

  • Korleis få sikker kunnskap om verda?
  • Kva er lykke?
  • Kva gjer ein handling god?
  • Finst det ei meining med tilværet?

Som metode er filosofi ein måte å tenkje på. Filosofi betyr “kjærleik til visdom”. I dette ligg det at filosofar søkjer kunnskap. Men i motsetnad til i vitskapen er filosofen ikkje nødvendigvis på jakt etter svar som er vitskaplege og som kan etterprøvast. Han søkjer ikkje svar på spørsmål som kan svarast på empirisk – altså ved hjelp av observasjon, eksperiment og forsøk. I filosofien er ein ofte meir oppteken av den gode samtalen og den utforskande og undrande tanken.

Spørsmåla filosofen søkjer svar på, har ikkje nødvendigvis eitt sant svar. Big Bang er det naturvitskaplege svaret på kva som var opphavet til verda. Men dersom du spør deg om det var ein plan – eller ei meining – bak Big Bang, beveger du deg inn i den filosofiske måten å nærme seg spørsmålet på. Og her har vi ikkje eintydige svar, berre ei rekkje gode spørsmål, tankar og idear som kan føre oss vidare i undringa.

Diskuter med ein medelev

  • Kva meiner vi med filosofi som metode?
  • Kva er forskjellen på eit filosofisk spørsmål og eit vitskapleg spørsmål?
  • Korleis kan filosofi vere aktuelt i ditt liv?

Læringsressursar

Metodar for samtale og dialog

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter