Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. Observer eit buddhistisk ritual ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Observer eit buddhistisk ritual

Som norske turistar kjem vi stadig oftare i kontakt med menneske som tilhøyrer andre kulturar og religionar. Dersom vi øver oss i systematisk observasjon, er det lettare å forstå det vi er vitne til.

En prosesjon av mennesker kledd i hvit bærer er langt, orange tøystykke rundt en bygning. Foto.
Buddhistisk ritual der ei gruppe menneske går i prosesjon rundt ein stupa på Sri Lanka. Ein stupa er ein kuppelforma steinbygning som har religiøs betydning. Legg merke til kva fargar dei som deltek i ritualet, ber.

Mange innbyggjarar på Sri Lanka er buddhistar, men det bur også mange hinduar, muslimar og kristne i denne tidlegare kolonistaten som ligg rett sør for India. Buddhistane på Sri Lanka tilhøyrer den retninga som blir kalla theravada. Retninga legg vekt på at den enkelte kan oppnå nirvana gjennom meditasjon og intellektuell innsikt. Eit stadium på denne vegen er å bli ordinert som munk.

Observasjonsøving

I denne videoen blir du vitne til eit religiøst ritual der unge gutar blir innvigde i munkeordenen. Videoen varer i ca. 10 minuttar.

Du skal no bruke videoen som utgangspunkt for systematisk observasjon. Dei problemstillingane du skal finne svar på, er:

  • Kva fargar og klesdraktar blir brukte av buddhistar på Sri Lanka i samband med religiøse ritual, og kva betydning har desse fargane?
  • Korleis blir ein ordinert som buddhistisk munk, og kva meining har eit slikt ritual?

Oppgåve 1: Observer ved hjelp av observasjonsskjema

Observer fargar og klesdrakt, og kva handlingar ordinasjonsritualet består i. Noter gjerne dei observasjonane du gjer i skjema som dette:

Materielt uttrykkKven har det, og når har dei det?
Kvitt tøy(kven, når?)
Orange tøy(kven, når?)
Kvitt klede på hovudet(kven, når?)
Barbert hovud(kven, når?)
Handlingar i rekkjefølgje Beskriv handlingane som blir utførte
1. handling i ritualet(Kva skjer? Kven gjer det?)
2. handling i ritualet(Kva skjer? Kven gjer det?)
3. handling i ritualet(Kva skjer? Kven gjer det?)
4. handling i ritualet(Kva skjer? Kven gjer det?)
5. handling i ritualet (osv.)(Kva skjer? Kven gjer det?)

Oppgåve 2: Samanlikn observasjonane din med ein medelev

Har de notert det same? Dersom de er ueinige, kan det vere lurt å sjekke videoen ein gong til. Er det behov for ytterlegare systematisering av det de har observert?

Oppgåve 3: Analyser og tolk

No er tida komen for å analysere og tolke det de har observert. Gå saman i grupper på fire. Leit opp informasjon på ndla.no og andre nettstader som kan kaste lys over det de nettopp har sett.

Nyttige søkjeord kan vere: buddhist – munk – farge – ritual – ordinasjon – overgangsrite

Bruk gjerne to eller tre av desse orda i ulike kombinasjonar når de søkjer.

Leit etter informasjon som kan forklare følgjande:

  • Kvifor går så mange av personane i videoen i kvitt?
  • Kva kjenneteiknar framtoninga til ein buddhistisk munk?
  • Kva er føremålet med det ritualet de nettopp har vore vitne til?
  • Kva er det som gir dette religiøse ritualet meining for buddhistar på Sri Lanka?

Til slutt oppsummerer de skriftleg det de har funne ut om problemstillinga:

  • Kva fargar og klesdraktar blir brukte av buddhistar på Sri Lanka i samband med religiøse ritual, og kva betydning har desse fargane?
  • Korleis blir ein ordinert som buddhistisk munk, og kva meining har eit slikt ritual?

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Den norrøne skapingssoga

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.