Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske omgrep og modellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Normer, verdiar og haldningar

Eitkvart samfunn er basert på visse grunnleggjande normer og verdiar. Normer, verdiar og haldningar er sentrale omgrep i etikken. Men kva betyr dei eigentleg?

Portrett av Therese Johaug med sitatet Jeg vil først starte med å si at jeg er helt knust. Vanvittig fortvilet og forbannet. Situasjonen er for meg helt ubeskrivelig. og det finnes ikke ord som beskriver hvor jævlig jeg har hatt det i ei uke nå. Foto.
Hausten 2016 testa langrennsløpar Therese Johaug positivt på stoffet clostebol etter bruk av kremen Trofodermin på ei solforbrend leppe. Ho blei dømd for doping og utestengd frå konkurransar i to år. Johaug var fortvila, fordi ho meinte at dette var ein feil legen hennar hadde gjort.

Sommaren 2016 blei Therese Johaug, ein av Noregs mest profilerte skiløparar, teken for doping. Denne saka fekk stor merksemd. Doping bryt med mange grunnleggjande verdiar i idretten, som sunnheit, ærlegdom og rettferd (fair play), og det blei stilt spørsmål ved Johaug sine haldningar.

Det kom raskt fram at Johaug hadde brukt ein leppekrem som inneheldt eit forbode stoff. Ho hadde fått leppekremen av legen sin og visste derfor ikkje sjølv at ho gjorde noko gale. Leppekremen var heller ikkje eigna til å hjelpe henne å prestere betre. Sidan ho ikkje medvite hadde forsøkt å jukse, meinte mange at ho ikkje hadde brote med dei grunnleggjande verdiane som idretten er bygd på. Det var heller ingen grunn til å stille spørsmål ved Johaug sine haldninger. Mange i Noreg meinte derfor at Johaug ikkje burde bli dømd for doping.

Ifølgje dei normene og reglane som gjeld i idretten, er likevel einkvar idrettsutøvar sjølv ansvarleg for det dei sjølv tilfører kroppen. Johaug blei derfor dømd til 18 månaders utestenging frå konkurranse av Det internasjonale skiforbundet.

Normer

Noko av det viktigaste vi lærer når vi veks opp, er korleis vi skal oppføre oss mot andre. Vi lærer kva som er rett og kva som er gale. Vi lærer at det er gale å lyge og stele eller slå, og at der er riktig å dele, vise omtanke og hjelpe kvarandre. Desse reglane, påboda eller forboda kallar vi normer.

Normer er forventningar til korleis vi skal oppføre oss. Normene kan vere nedskrivne som Noregs lover. Då kallar vi dei formelle normer. Dei kan også vere uskrivne reglar baserte på til dømes tradisjonar og skikkar. Då kallar vi dei uformelle normer. Viss du følgjer normene, får du gjerne ros, anerkjenning eller andre former for påskjøning. Viss du derimot bryt normene, vil du bli møtt med negative sanksjonar som kan variere frå fengselsstraff til kjeft og stygge blikk.

Mange normer forandrar seg over tid. Eit døme er seksuelle normer i Noreg. For hundre år sidan tilsa normene at det var umoralsk å få barn utan å vere gift. Det var også uhøyrd å ha eit seksuelt forhold til ein person av same kjønn. I dag tenkjer dei fleste av oss at begge delar er heilt ok.

Andre normer er meir stabile. Normer som at du ikkje skal stele eller lyge, finn vi att i dei ti boda i Det gamle testamentet, og den gylne regelen finn vi att i mange ulike religionar og kulturar.

Elever jobber med skriftlig eksamen på PC i en svær sal. Foto.
Av og til kjem normene i konflikt med kvarandre. Tenk deg at ein god ven lenar seg over mot deg under ei matteprøve og spør deg om riktig svar på eit spørsmål. Kva gjer du? Venen din vil kanskje forvente at du er lojal og hjelper han eller henne, mens læraren og skulen forventar at du ikkje juksar. Dette er eit døme på ein normkonflikt der du må velje mellom to motstridande normer.

Verdiar

Ein viktig funksjon for normene er å beskytte og ta vare på det vi ser på som er viktig og verdifullt i samfunnet, verdiane våre. Verdiar er grunnleggjande oppfatningar som styrer vala våre, til dømes rettferd, likestilling, ærlegdom eller solidaritet.

Ein grunn til at mange i Noreg reagerte på dopingdommen mot Therese Johaug, var det manglande samsvaret mellom normer og verdiar. Sjølv om Johaug hadde brote ein formell norm (regelverket for doping), så hadde ho ikkje forsøkt å jukse eller oppnådd nokon fordelar. Ho hadde derfor ikkje brote med dei grunnleggjande verdiane som regelverket skulle beskytte.

Vi kan skilje mellom tre ulike typar verdiar:

  • eigenverdi
  • instrumentell verdi
  • ibuande verdi

Viss noko har eigenverdi, set vi pris på det for verdien det har i seg sjølv. Det kan til dømes vere lykke eller fridom.

Viss noko har instrumentell verdi, set vi pris på det fordi det kan hjelpe oss med å oppnå noko anna. Ein pengeseddel har til dømes ingen verdi i seg sjølv, men han kan vere eit middel for å oppnå lykke eller god helse.

Ibuande verdi betyr at noko har verdi uavhengig av om nokon set pris på det. Til dømes vil mange seie at mennesket og naturen har ein verdi i seg sjølv.

Haldningar

Haldninger handlar om innstillingane dine til ein situasjon. Det er stabile personlegdomstrekk som gjer at du tenkjer, handlar og føler på ein bestemt måte. Haldningane dine seier noko om kva slags person du er.

Rettferd er ein verdi, men å vere ein rettferdig person er ei haldning. På same måten er hjelpsemd og ærlegdom verdiar, mens det å vere hjelpsam eller ærleg er haldningar.

En smilende jente med gullmedalje. Foto.
Etter at Therese Johaug hadde sona straffa for doping, kjempa ho seg attende til toppen og vann tre gull og ei sølv under VM i 2019. På denne måten viste ho haldningar som karakterstyrke, uthald og pågangsmot.

Viktige omgrep

  • norm
  • formell norm
  • uformell norm
  • sanksjon
  • verdi
  • eigenverdi
  • instrumentell verdi
  • ibuande verdi
  • haldning

Læringsressursar

Etiske omgrep og modellar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter