For mange er det gode livet assosiert med tanken om eit lykkeleg liv. Men kva er eigentleg lykke? Og må ein vere lykkeleg for å ha det godt?
I NRK-programmet Verdibørsen diskuterer filosofane Kaja Melsom, Espen Gamlund og Ole Martin Moen kva det vil seie å vere lykkeleg. Utgangspunktet for samtalen er ein artikkel om Mariah Carey i kjendisbladet Se og Hør der ho fortel at ho er redd for at ho aldri vil bli lykkeleg. Samtalen i Verdibørsen startar som ein samtale om kvifor menneske som tilsynelatande har «alt», ikkje opplever at dei sjølv er lykkelege, og utviklar seg til ein samtale om kva som kan gjere liva våre til gode liv.
Refleksjonsoppgåver
Jobb deretter med desse refleksjonsoppgåvene, anten som diskusjon i plenum i klassen eller ved å skrive korte svar på spørsmåla åleine eller to og to saman.
- Kva meiner vi med hedonismeparadokset? Finn argument som støttar opp om at lykka ikkje er noko ein finn ved aktivt å søkje etter ho.
- Kva legg du/de i omgrepet lykke?
- I programmet diskuterer dei samanhengen mellom omgrepa lykke og meining. Diskuter denne påstanden: Ein kan vere lykkeleg sjølv om ein ikkje ser «meininga med livet», og ein kan vere ulykkeleg sjølv om ein ser ei meining med det.
- I programmet kjem filosofane med nokre argument for å avskaffe lykkeomgrepet. Kva for argument er det? Er du einig med dei?
Oppsummering
Ta utgangspunkt i dine eigne idear om «det gode livet», og samanlikn med dei ulike synspunkta du no har fått innblikk i. Skriv kort ned kva syn som stemmer best overeins med ditt eige.
- Tenkjer du at innsikt i det gode livet er vegen å gå?
- Trur du det gjeld å få realisert det fulle potensialet ditt?
- Er det å få brukt evnene dine i eit sosialt fellesskap?
- Føler du at det er mest mogleg nyting som skal til?
- Har du heilt andre perspektiv?
Del tankane dine med ein medelev.
Læringsressursar
Etiske problemstillingar
Læringssti
Det gode livet
KjernestoffMennesket og naturen
KjernestoffDet perfekte samfunnet
KjernestoffFrå sortering til design av babyar?
Kjernestoff
Fagstoff
Det gode liv
KjernestoffMennesket sitt forhold til naturen
KjernestoffDet perfekte samfunn
KjernestoffUtopiar – draumen om det gode samfunnet
KjernestoffSortering og design av menneske
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Livets ukrenkelighet
KjernestoffÆre og skam
KjernestoffAbort
KjernestoffHomofili
KjernestoffLag ei ordsky om det gode livet
KjernestoffSynspunkt på det gode livet
KjernestoffDiskuter synspunkt på det gode livet
Kjernestoff- Kjernestoff
Det gode livet og jakta på lykkaDu er her
Spørsmål til filmen Mennesket og naturen
KjernestoffÅ setje pris på naturen
KjernestoffDiskuter mennesket si rolle i naturen
KjernestoffDitt draumesamfunn
KjernestoffUtopi eller dystopi?
KjernestoffTranshumanisme
KjernestoffDitt Utopia
KjernestoffKor går grensene for genmodifisering?
KjernestoffKva gjer eit liv verdt å leve?
KjernestoffMed livet i hendene
KjernestoffEtisk dilemma – My Sister's Keeper
Kjernestoff