Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. FilosofiChevronRight
  4. Filosofiske problemstillingarChevronRight
  5. GandhiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gandhi

Ifølgje Mahatma Gandhi må mennesket alltid søkje sanninga og prøve å leve etter ho. Det kan ein berre gjere viss ein avstår frå vald. Gandhis ikkje-valdelege aksjonar var med på å frigjere India og blei ei viktig inspirasjonskjelde for Nelson Mandela og Martin Luther King.

Natt til 8 juni 1873 blei den unge, indiske advokaten M.K Gandhi kasta av eit tog i Sør-Afrika fordi han var farga og ikkje ville forlate ein kupé for kvite. Heile natta blei han liggjande vaken på ein iskald togstasjon og tenkje på kva han skulle gjere. Til slutt bestemte han seg for å gjere aktiv motstand mot styresmaktene. Han ville kjempe mot alle dei løgnene som rasefordommane bygde på.

Gandhi starta ein lang kamp for fridom og like rettar, først i Sør-Afrika og seinare i heimlandet sitt, India – ein kamp som enda med den indiske frigjeringa frå Storbrittania i 1948.

Å halde fast på sanninga

Gandhi kalla måten sin å protestere på for Satyagraha, som kan omsetjast med å halde fast på sanninga. Det er sett saman av dei to orda satya som betyr “sanning” og agraha som betyr “å insistere på.”

Ifølgje Gandhi har sanninga ei eiga kraft, og viss du skal kjempe for det som er rett, må du halde fast på denne krafta. Sanninga er den stemma alle menneske har inni seg og som fortel oss kva som er rett og gale. Ho kan finnast igjen i religionane og livssynet i heile verda, og Gandhi kallar ho både Gud, kjærleik og moral.

Sidan sanninga finst inni oss, må alle menneske finne ho i seg sjølv. Det betyr at du ikkje kan tvinge nokon til å nærme seg sanninga. Alt du kan gjere er å hjelpe andre til frivillig å lytte til stemma til samvitet.

Sanninga er òg noko alle menneske har felles. Det betyr at du ikkje kan skade eit anna menneske utan å samtidig skade noko ved deg sjølv. Å nærme seg sanninga betyr at ein nærmar seg andre menneske og det du har til felles med dei – noko du berre kan gjere viss du avstår frå vald.

Ikkje-vald – ahmimsa

Ifølgje Gandhi var sanning og ikkje-vald så tett forbundet, at dei nærast ikkje kunne skiljast frå kvarandre. Sanning er målet og ikkje-vald middelet. Ein når ikkje fram til sanning, viss ein ikkje gir avkall på bruken av vald. Vi haustar det vi sår, og vald avlar berre meir vald.

Ikkje-vald, eller ahimsa, er sanskrit og betyr "fråvær av ønske om å skade". Det har djupe røter i indisk kultur. Du kan lese meir om ahimsa sitt opphav på SNL.

For Gandhi var ikkje-valdelege aksjonar ei aktiv handling og det motsette av feigskap. Sjølv blei han banka opp, livstruande skadd og fengsla. Ikkje-valdelege aksjonar kravde at ein var villig til å ofre sitt eige liv og eiga helse for å endre oppfatningane til motstandarane.

Gandhi leier ei gruppe menn i ein marsj. Foto.
Gandhi var nøye med å velje ut medhjelparar som var sterke nok til å gjennomføre ikkje-valdsaksjonar. Ikkje alle var i stand til å gjennomføre slike aksjonar. Ein måtte både ta omsyn til personlegdommen og den konkrete situasjonen når ein skulle avgjere kva som var riktig for kvar enkelt å gjere. I nokre ekstreme tilfelle råda han til og med nokon til å bruke vald i staden for å flykte, fordi han meinte flukt og feigskap var det verste alternativet. Bilete: Gandhi leier saltmarsjen i 1930.

Makta til dømet

Ikkje-vald handlar ikkje berre om å avstå frå fysisk vald ifølgje Gandhi. Det handlar òg om å kjempe mot valdelege tankar og kjensler.

Hat, løgn, harde ord og til og med kritikk av andre er ei form for vald ifølgje Gandhi. Han lét derfor ofte vere å kritisere dei britiske styresmaktene og dei politiske motstandarane sine.

I Vesten er det vanleg for filosofar å kritisere kvarandre for å komme fram til riktige moralske prinsipp. For Gandhi var kritikk av andre tvert imot noko som leidde ein vekk frå sanninga. Sanninga er ikkje moralske prinsipp vi teoretisk kan diskutere oss fram til, men tvert imot noko vi må nærme oss i praksis gjennom gode og rettferdige handlingar overfor andre.

Gandhi meinte at ein først og fremst måtte gjere motstand ved å vere eit godt døme. Det er ein forskjell på å utføre gode handlingar og det å kritisere andre. Gandhi og tilhengjarane hans nekta derfor å bruke vald og rette seg etter urettferdige lover. Dei laga òg sine eigne klede, fordi dei ikkje ville støtte den økonomiske utnyttinga til britane – og dei nekta å betale skatt. Ifølgje Gandhi kunne ikkje 150 000 britar styre 350 millionar indarar viss indarane ikkje samarbeidde.

Kvifor ikkje-vald?

Gandhi peika sjølv på fleire ulike grunnar til at ikkje-vald var den beste måten å protestere på:

  1. For det første vil motstandarar lettare la seg overtyde når dei ser at du er villig til å ofre ditt eige liv i ein fredeleg protest. Dei vil forstå at krava er oppriktige, og at du ikkje er ute etter å skade dei.
  2. For det andre fører ikkje-valdelege protestar ein sjølv nærare sanninga. Ved å utsetje seg sjølv for liding og fysisk fare for sanninga si skuld, vil ein overvinne si eiga frykt og få kontroll over sine eigne kjensler og impulsar.
  3. For det tredje blir ingen uskuldige skada i ikkje-valdelege protestar. Ifølgje Gandhi har ingen monopol på sanninga. Viss det ein kjemper for er feil, er det betre at ein ber lidingane sjølv.

Gandhis draum var at India skulle frigjere seg utan bruk av vald. Det ville vise verda at indarane var i stand til å kjempe mot sitt eige hat mot britane og sine eigne valdelege impulsar, og at dei derfor var modne nok til å styre seg sjølv. Det ville òg vise verda at indarane ikkje berre overtok måten den britiske kolonimakta tenkte og handla på, men at dei òg følgde sin eigen veg.

Ein famile sit på ei oksekjerre som går fremst i ei lang rekkje med flyktningar. Foto.
India oppnådde til slutt sjølvstende, men ikkje slik Gandhi hadde sett føre seg. India blei delt mellom muslimar og hinduar i tre ulike land: India, Pakistan og Bangladesh. Delinga førte til veldige samanstøt der over ein million menneske blei drepne. Gandhi forsøkte å dempe motsetningane, men blei sjølv offer for valden og ble skoten og drepen av ein hindunasjonalist i 1948. Bilete: Ei gruppe flyktningar som forsøkjer å sleppe unna valden.

Fordjuping: Gandhi og Bhagavadgita

Litteraturliste:

Bilgrami, A. (2003) . Gandhi – The philosopher. Henta frå: https://philosophy.columbia.edu/files/philosophy/content/BilgramiGandhi.pdf

Gandhi, M.K. (1927). An autobiography or the story of my experiments with truth. Ahmedabad: Navajivan Publishing House.

Gandhi, M.K. (1980). M.K. Gandhi interprets the Bhagvadgita. Dehli: Orient Paperbacks.

Gandhi, M. (1999). Vi er alle søsken. Oslo. Bokklubben Dagens Bøker.

Harcourt, B.E. (2017, 25 november). Introduction to satyagraha. Henta frå: http://blogs.law.columbia.edu/uprising1313/bernard-e-harcourt-introduction-to-satyagraha/


Læringsressursar

Filosofiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter