Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. FilosofiChevronRight
  4. Filosofiske problemstillingarChevronRight
  5. Immanuel Kant og den kopernikanske vendinga i filosofienChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Immanuel Kant og den kopernikanske vendinga i filosofien

Immanuel Kant revolusjonerte filosofien på slutten av 1700-talet. Han flytta fokus frå den ytre verda til det indre i mennesket. Kva er det som kjenneteiknar mennesket sin måte å forstå verda på? Korleis er det mogleg for mennesket å oppnå heilt sikker kunnskap?

Rasjonalisme og empirisme

Den vitskaplege revolusjonen på 15- og 1600-talet snudde opp ned på mange tidlegare sanningar. Sola gjekk ikkje lenger rundt jorda. Det var jorda som gjekk rundt sola. Dette førte samstundes til at filosofar starta å stille spørsmål ved kva vi verkeleg kan vere sikre på? Kva kan vi vite?

Før Kant var det to grunnleggjande svar på dette spørsmålet. Rasjonalistane hevda at berre fornuften og tenkinga kunne gi oss sikker kunnskap, mens empiristane hevda at all kunnskap kjem frå sansane, frå det vi kan sjå, høyre, lukte og ta på rundt oss. Ifølgje Kant er vi likevel avhengig av både fornuften og sansane for å få kunnskap. Tenking utan sanseinntrykka er tom, mens sanseinntrykka utan tenking er blind.

På den eine sida var Kant einig med empiristane i at all erfaring kjem frå sansane. På den andre sida hevdar han at vi ved hjelp av fornuften er aktivt med på forme sanseinntrykka. Tenk deg at du ser eit furutre. Denne erfaringa er avhengig av at synssansen registrerer treet som eit synsinntrykk, og at fornuften kategoriserer synsinntrykket som eit tre. På denne måten forsøkjer Kant å kombinere innsikter frå både rasjonalismen og empirismen.

Den kopernikanske vendinga i filosofien

Før Kant tenkte mange at vi var passive mottakarar av sanseinntrykk. Dei tenkte at det var det vi såg rundt oss som automatisk skapte bilete av ting inni hovudet vårt. Dette perspektivet snur Kant på hovudet. Det er ikkje tinga der ute i verda som formar oss, men vi som formar verda. Det er ikkje trea, bygningane og landskapet rundt oss som skaper bilete av tre og bygningar inne i hovudet vårt. Det er vårt eige medvit som skaper desse bileta.

Jente holder opp solbriller foran ansiktet. Foto.
Viss vi tek på oss rosafarga briller, vil alt vi ser rundt oss få eit rosa skjær. Medvitet vårt kan samanliknast med eit par briller som får oss til å sjå verda på ein bestemt måte. Dette er «briller» vi aldri tek av, og som ordnar og strukturerer erfaringane våre. Til dømes plasserer medvitet vårt alt vi erfarer i tid og rom.

På same måten som Kopernikus snudde verdsbiletet vårt på hovudet ved å hevde at jorda går rundt sola, snur Kant det filosofiske perspektivet på hovudet ved å hevde at vi er aktivt med på å forme erfaringa av omgivnadene våre. Dette blir derfor kalla for den kopernikanske vendinga i filosofien.

Åskådelegsformer og forstandskategoriar

Ifølgje Kant ville verda verka som ein kaotisk straum av inntrykk, frå alt vi ser og høyrer rundt oss, viss det ikkje var noko i medvitet vårt som ordna og strukturerte desse inntrykka. Den første måten medvitet strukturer dei inntrykka vi mottek på, er ved å plassere dei i tid og rom. Medvitet vårt plasserer det vi ser, etter kvarandre i tid og på ein bestemt stad i rommet rundt oss. Kant kallar tid og rom for åskådelegsformer.

Det andre medvitet gjer, er å knyte inntrykka saman. Medvitet vårt plasserer sanseinntrykka i ein samanheng ved hjelp av forstandskategoriar. Ein slik kategori er at alle hendingar har ei årsak: Viss vi til dømes ser ein ball rulle bortover vegen, vil vi automatisk gå ut i frå at noko må ha fått ballen til å bevege seg.

Billiardkuler på et bord. Orange kule nummer 13 i forgrunnen. Hvit kule i bakgrunnen. Foto.
Empiristen David Hume er kjend for å hevde at ei biljardkule som treff ei anna, ikkje nødvendigvis vil få den til å flytte seg. Sjølv om vi har sett noko skje mange gonger før, kan vi ikkje vite at det same vil skje igjen. Kant var ueinig. Det er ikkje erfaringa, men medvitet vårt som skaper årsakssamanhengar. Medvitet vårt plasserer kulene etter kvarandre i tid, på ulik stad i rommet og koplar dei saman som årsaker og verknader.

Det er først når medvitet vårt har plassert det vi ser og høyrer i tid og rom, og inn i ein større samanheng, at vi reint faktisk er i stand til å erfare noko av det som skjer rundt oss. For å illustrere kva Kant meiner, kan vi gjere følgjande tankeeksperiment:

Tenk deg at ein medelev kjem inn i klasserommet og seier at ein bil har krasja. Du spør når det skjedde, og medeleven svarar at det ikkje skjedde på eit bestemt tidspunkt. Du spør vidare om kor det skjedde, og medeleven svarar at det ikkje skjedde på ein bestemt stad. Til slutt spør du om kva som forårsaka krasjen, og medeleven seier at det ikkje var noka årsak til kollisjonen. Er det mogleg å forstå kva det er denne eleven beskriv?

Eleven si beskriving av kollisjonen er meiningslaus for oss. Det er fordi vi ikkje kan forstå noko som skjer utanfor tid og rom, og som ikkje har noka årsak. Det er ikkje fordi tid, rom og årsak er ein nødvendig del av alt i verda, men fordi det er ein nødvendig del av måten vår å forstå verda på.

Tingen i seg sjølv

Medvitet vårt kan samanliknast med eit par briller vi aldri tek av. Viss du tek på deg briller med rosa glas, vil alt du ser rundt deg få eit rosa skjær. På same måten er medvitet vårt aktivt med på å forme opplevinga vår av verda rundt oss. Korleis noko er uavhengig av medvitet vårt, kallar Kant for “Tingen i seg sjølv”. Det er ikkje mogleg for menneske å seie noko om korleis verda «verkeleg» er uavhengig av medvitet vårt. Vi har derfor ikkje direkte tilgang til «tingen i seg sjølv». Vi kan berre seie noko om korleis tinga trer fram for oss, i medvitet vårt.

Litteratur:

Kant, I. (2005) Kritikk av den rene fornuft. Oslo: Pax

Skirbekk, G. & Gilje, N. (1987) Filosofihistorie 2. Oslo: Universitetsforlaget

Svendsen, L.F.H & Säätelä, S. (2010). Det sanne, det gode og det skjønne. En innføring i filosofi. Oslo: Universitetsforlaget

Viktige omgrep:

  • rasjonalisme
  • empirisme
  • den kopernikanske vendinga i filosofien
  • forstandskategoriar
  • åskådelegsformer
  • tingen i seg sjølv

Læringsressursar

Filosofiske problemstillingar