Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. FilosofiChevronRight
  4. Filosofiske problemstillingarChevronRight
  5. Platon – ei innføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Platon – ei innføring

Kan vi stole på sansane våre? Er alt det du ser rundt deg det einaste som eksisterer, eller finst det noko anna som vi ikkje kan sjå, ei anna verkelegheit? Ifølgje den greske filosofen Platon finst det ei skjult verd som er meir verkeleg enn våre fysiske omgivnader.

Byste av Platon. Stige og bokhyller i bakgrunnen. Foto.

Platon (ca. 428–346 f.Kr.) er ein av dei viktigaste filosofane i Europas historie, og tankane hans har hatt stor innverknad på filosofien og kristendommen. Ein nøkkel til fleire sider av Platons filosofi er skiljet hans mellom ei fysisk verd alle kan sjå og ei skjult verd som vi ikkje direkte kan observere. Han skil mellom ei sanseverd som består av det vi luktar, ser, høyrer rundt oss til dagleg, og ei ideverd av uforanderlege former og omgrep som vi berre kan nå fram til ved hjelp av fornuften.

Platons to ulike verder

Korleis kom Platon fram til at det eksisterer to ulike verder? Ifølgje Platon er den verda vi observerer rundt oss ved hjelp av sansane i stadig forandring, men viss alt forandrar seg, kan vi ikkje vite noko sikkert. For å vite noe sikkert treng vi ein fast, uforanderleg målestokk.

Ein av dei tinga Platon meiner er uforanderlege, er geometriske former og matematiske sanningar. To pluss to er fire i dag, i morgon og om tusen år. Vi kan derfor vite heilt sikkert at det er riktig. Ein annan uforanderleg ting er omgrep som til dømes ein hest, ein stol eller eit bord. Sjølv om alle stolar og bord er litt forskjellige, klarer alle menneske å kjenne att eit bord eller ein stol når vi ser ein. Mens dei stolane vi ser rundt oss heile tida blir endra, blir slitte, øydelagde og bytta ut med nye, held omgrepet stol fram med å vere akkurat det same. Derfor tenkjer Platon seg at omgrepet stol også er meir verkeleg og nærmare sanninga enn dei faktiske, fysiske stolane vi ser rundt oss til dagleg.

Optisk illusjon. Fargerike sirkler som ser ut som de roterer, men som egentlig står stille. Datagrafikk.
Optiske illusjonar er gode døme på at vi ikkje alltid kan stole på sansane våre. Roterer sirklane, eller står dei stille?

Ved første augekast kan det verke rart å tenkje at omgrepet eller ideen stol er meir sann og verkeleg enn den stolen du kanskje sit på no, men dei fleste vil vere einig i at omgrepet stol er meir uforanderleg og varig enn ein enkel fysisk stol.

Platon tenkjer vidare at sidan matematiske sanningar og idear er evige og uforanderlege, så kan dei ikkje tilhøyre den fysiske verda vi ser rundt oss. For det første er jo den fysiske verda i kontinuerleg forandring, mens ideane held fram med å vere dei same. For det andre finn ein ikkje omgrep og matematiske sanningar i den fysiske verda. Det går for eksempel ikkje å finne talet tre i naturen. Du kan finne tre steinar, tre blad eller tre pinnar, men ikkje sjølve talet tre som dei har til felles. Sidan ideane og dei matematiske sanningane ikkje er fysiske, men på same tid heilt openbert eksisterer, må det finnast to ulike verder ifølgje Platon: ei fysisk verd og ei ideverd som består av evige og uforanderlege former.

Fem ulike tredimensjonale geometriske figurer. Står i et øde landskap. Blå himmel. Datagrafikk.
For Platon var universet bygd opp som ein harmonisk heilskap som kunne forståast ved hjelp av matematikken. Denne harmonien fann Platon til dømes i geometrien. Han meinte at dei geometriske formene som her er avbilda (platonske legeme), var viktige byggjesteinar i universet. Ved å studere desse evige formene vil mennesket kunne nærme seg ideverda.

Platons skilje mellom kropp og sjel

Sidan mennesket kan få innsikt i ideverda og for eksempel kjenne att ein stol eller eit tal, må det eksistere eit samband mellom oss og ideverda. Ifølgje Platon kan ikkje dette sambandet vere ein del av den fysiske kroppen vår, sidan det heile tida forandrar seg, og berre det som er uforanderleg kan kjenne att det uforanderlege. For Platon er derfor den mest sannsynlege løysinga at ein del av oss menneske må ha tilhøyrd ideverda før vi blei fødde. Denne delen av mennesket kallar Platon sjela. På akkurat same måten som verda er delt i to, må derfor mennesket også bestå av to ulike delar: ein fysisk, dødeleg kropp og ei evig, udødeleg sjel. Denne todelinga blir kalla dualisme.

Utsnitt fra vase. Motivet viser menn med langt hår og skjegg, iført hvite kapper og en vogn med hester foran. Foto.
Platon trudde ikkje vi kunne finne sanning eller skjønnheit i kunsten. Det sanne og skjønne tilhøyrde ideverda: Kunsten tilhøyrde derimot sanseverda, og den bidrog berre til å skape illusjonar og dekkje over dei verkelege, evige sanningane.

No kan vi sjå korleis Platon snur dei vande førestillingane våre på hovudet. Det er ikkje slik at vi først observerer mange stolar og på den måten forstår korleis vi sjølv kan lage ein stol. Det er snarare slik at vi allereie har ideen stol i oss, og når vi lagar ein stol, forsøkjer vi å etterlikne denne perfekte ideen.

For Platon er det å lære ein prosess der vi gjenoppdagar sanningar vi har frå før. Sidan sjela vår ein gong har tilhøyrd den uforanderlege ideverda, har mennesket også ein lengsel attende dit. Denne lengselen finn vi att i kjærleiken til visdom. Ifølgje Platon er kjærleiken (eros) ein stige som startar med fysisk begjær og endar med kjærleiken etter innsikt og forståing, etter å finne attende til dei evige sanningane som er i ideverda. Denne åndelege kjærleiken til visdom, utan seksuelt begjær, har gitt opphav til omgrepet platonisk kjærleik.

Ifølgje Platon rommar ikkje ideverda berre matematiske sanningar, men også omgrep som rettferd og godheit. For at mennesket skal handle godt og rettferdig, må vi derfor først få innsikt i kva rettferd og godheit er, elles risikerer vi å handle gale. Dei menneska som oppnår størst innsikt i kva som er rettferdig, er på same tid dei som er best eigna til å styre. Platon meinte derfor at filosofane burde leie samfunnet. Det kunne godt vere kvinner, sidan dei hadde like stor evne til å bruke fornuften som menn. På denne måten filosoferte Platon seg fram til eit revolusjonerande syn på kvinna si rolle to og eit halvt tusen år før vår eiga tid.

Læringsressursar

Filosofiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter