Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. LivssynsmangfaldChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Livssynsmangfald

Noreg er eit pluralistisk samfunn der menneske med ulike livssyn lever side om side. For å forstå kvarandre treng vi kunnskap om kva dei andre trur og tenkjer. Gjennom dialog med andre blir du også meir medviten om det som betyr noko for deg.

Ein mann med svart dress og hatt og ein mann med turban sitt saman i graset ved kvart sitt lille bord. Mannen med hatten skriv og mannen med turbanen les. I bakgrunnen er det fjell, seterbygningar og ein skigard. Svart-hvitt. Foto.
Livssynsmangfaldet i Noreg har blitt stadig større dei siste hundre åra. Her er Noregs første hindu, Ananda Acharya saman med forfattaren Arne Garborg. Dei er fotograferte i 1921 ved Acharya sin heim i Alvdal.

Kristendommen er den dominerande religionen i Noreg, men det finst mange ulike måtar å praktisere kristendommen på. Det er ganske stor forskjell på ein katolikk og ein pinseven.

Det har alltid budd folk i Noreg som har tilhøyrt andre religionar, men talet har vakse i takt med innvandring frå andre delar av verda. I dag er alle dei store verdsreligionane representerte i landet vårt. I dei siste tiåra har også det vakse fram mange nyreligiøse rørsler.

Livssynsmangfald inneber også at mange nordmenn er ateistar, det vil seie at dei ikkje trur på nokon gud. Nokre er medlemmer av ikkje-religiøse livssynssamfunn, som Human-Etisk forbund.

Blei du nysgjerrig på Ananda Acharya? Les meir på snl.no.

Læringsressursar

Livssynsmangfald