Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Samisk religionChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Samisk religion

Omgrepet samisk religion blir ofte brukt om før-kristen religion blant samar. Vi finn framleis spor av den samiske naturreligionen i samiske kultur i dag. Men majoriteten av det samiske folket tilhøyrar i dag kristendommen.

Konfirmanter i kofte ledsages av prest inn i Kautokeino kirke. Foto.
Koftekledde samiske ungdommar på veg til konfirmasjon i Kautokeino kyrkje

Mange samar er læstadianarar. Læstadianismen er ei pietistisk rørsle med røter i luthersk kristendom som oppsto som ei vekkingsrørsle rundt den svenske presten Lars Levi Læstadius (1800–1861).

I nyreligiøse rørsler har vi dei siste åra fått ei oppblomstring av eldgamle religiøse førestillingar og ritual. Sjamanistiske ritual, som trommereiser, er eit eksempel på dette. Slike «reiser» finn ein i mange naturreligionar, også i førkristen samisk religion. Her blei sjamanen kalla noaide. Ved hjelp av tromming på runebommen kunne noaiden få kontakt med dei åndelege kreftene i tilveret. Ein god noaide kunne også leke sjuke og sørge for godt jaktutbytte.

Læringsressursar

Samisk religion