Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. ReligionskunnskapChevronRight
  5. ReligionsdefinisjonarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Religionsdefinisjonar

Etter å ha studert religion på vitskapleg nivå i over hundre år er dette framleis det vanskelegaste spørsmålet: Kva er eigentleg religion?

Ordet religion avbildet i en ordbok. Foto.

Substansielle definisjonar

Eit gjennomgåande problem i historia til religionfaget har vore sjølve omgrepet religion. Det har vore ei lang rekkje forsøk på å definere omgrepet religion, utan at ein har klart å komme til noka brei einigheit om kva definisjon som er best.

Det er òg ulike måtar å definere omgrepet på. Mange av dei tidlegaste definisjonane prøvde å finne ein slags essens eller kjerne som er felles for alle religionar. Slike definisjonar skal seie noko om kva religion er, om substansen til religionen, og blir derfor kalla substansielle definisjonar. Eit eksempel på ein slik definisjon er «religion er trua på andelege vesen» (Edward Tylor, 1832–1917).

Eit problem med slike substansielle definisjonar er at dei ofte er for vide eller for snevre. Mange former for buddhisme vil for eksempel ikkje kunne kallast religion dersom vi brukar Tylor sin definisjon. Og er ein nødvendigvis religiøs dersom ein trur på spøkelse?

Funksjonalistiske definisjonar

Ein annan måte å definere religion på er å undersøkje kva funksjon religion har. I staden for å sjå på kva religion er, konsentrerer ein seg om kva religionen gjer. Fyller religion eit behov i kvart enkelt menneske, eller fyller det kanskje behov i eit samfunn som heilskap?

Slike funksjonalistiske definisjonar legg gjerne vekt på anten den psykologiske funksjonen eller den sosiale funksjonen til religion. Men slike definisjonar kan fort redusere religion til berre å handle om psykologi eller sosiologi. Er religion berre eit resultat av det psykologiske behovet vårt for å skape orden og meining i tilværet? Er religion berre noko som skaper fellesskap og held samfunnet saman? Eller er det kanskje berre eit maktmiddel som samfunnsleiarane brukar for å kontrollere folket?

Eit anna problem med slike definisjonar er at dei ofte omfattar mange fenomen som vi vanlegvis ikkje vil kalle religion. Familie, fotball og frimerkesamling kan òg vere med på å gi livet meining, men vi kallar det likevel ikkje religion. Det moderne norske demokratiet vårt bind samfunnet saman gjennom lover og institusjonar, utan at religion speler noka stor rolle i den samanhengen.

Religion som fenomen

Det ser altså ikkje ut til at vi kjem nokon veg når det gjeld ein endeleg definisjon på religion. Religionshistorikaren Eric J. Sharpe meinte det ikkje var så viktig å kunne definere religion. Det er viktigare å kunne kjenne att religion når vi møter på fenomenet [1]. Då blir spørsmåla heller: Kva er typisk for religion? Kva fenomen består religionar av? Dette er ei fenomenologisk tilnærming til religion.

Med dette utgangspunktet laga Ninian Smart ein modell som bestod av sju dimensjonar som han meinte var sentrale i alle religionar. Han meinte alle religionar bestod av dette:

  1. forteljingar
  2. dogme
  3. etikk
  4. materielle uttrykk
  5. oppleving
  6. ritual
  7. ein sosial dimensjon

I læreplanverket Kunnskapsløftet (2006) blir Smart sine dimensjonar brukte som utgangspunkt for kompetansemåla i faget religion og etikk, og det same gjeld ulike læremiddel som er brukte i faget. Smart sin modell har derimot blitt utsett for stadig meir kritikk. Smart tek nemleg utgangspunkt i kristendommen og går ut frå at dei same fenomena også finst i andre religionar. Inndelinga i dimensjonar kan likevel vere nyttig når ein skal analysere og samanlikne religionar.

Arbeidsdefinisjonar

Omgrep hjelper oss med å forstå verda. Men omgrepa kan òg avgrense forståinga vår av verda viss dei passar dårleg inn med verkelegheita. Definisjonar er ikkje absolutte sanningar.

Ein måte å løyse problemet med definisjon på er å operere med arbeidsdefinisjonar. Ein arbeidsdefinisjon er ein definisjon som skal fungere i ein spesiell samanheng. Du kan sjølv bruke ein slik arbeidsdefinisjon i eit oppgåvesvar. Då må du gjere dette klart tidleg i oppgåva ved for eksempel å skrive «I denne oppgåva vel eg å forstå religion som …» Men ein arbeidsdefinisjon kan ikkje takast heilt ut av lause lufta. Du må kunne argumentere for at definisjonen din er fornuftig, og han må fungere godt i den samanhengen du brukar han.

Nye arbeidsdefinisjonar kan opne opp for nye måtar å forstå verda på. Slik blir religion definert i boka Sapiens (2015).

Eit eksempel på ein ganske original arbeidsdefinisjon på religion finn vi i boka til historikaren Yuval Noah Harari, Sapiens [2]. Harari prøver i denne boka å gi eit nytt innblikk i historia til menneskeslekta.

Harari meiner at mennesket er eit dyr som skil seg frå andre dyr ved at vi er i stand til å samarbeide i store grupper, samtidig som vi er tilpassingsdyktige. Maur kan samarbeide mange i lag, men dei er lite tilpassingsdyktige. Ein sjimpanse er tilpassingsdyktig, men han klarer berre å samarbeide med ei lita gruppe.

Det som gjer mennesket i stand til dette, ifølgje Harari, er at vi kan skape ei innbilt verkelegheit som vi i fellesskap trur fullt og heilt på, og som vi lever etter. I denne samanhengen meiner Harari det er liten forskjell på det å tru på ein tradisjonell religion som kristendommen eller hinduismen og det å tru på ein statsleiar, eit pengesystem eller eit lovverk. Han meiner derfor at alle desse tinga som utgjer den kollektive innbilte verkelegheita vår, kan kallast religion.

Alle desse fenomena er avhengige av at vi saman trur på dei. Då gjer dei oss i stand til å fungere saman i store grupper. Trua på dollaren gjer at vi kan handle på tvers av landegrenser. Trua på Jesus gjer at to milliardar menneske feirar påske ein gong i året.

Harari utfordrar måten vår å tenkje om religion på ved å peike på at veldig mykje av verkelegheita vår dreier seg om å tru på ting som berre eksisterer i fantasien vår. Samtidig er det viktig å hugse på at dette er ei forståing av omgrepet religion som vil fungere dårleg i andre samanhengar. Dette er òg ein definisjon som ikkje er nøytral til religion, sidan Harari meiner at religion berre eksisterer i fantasien vår.

Viktige omgrep

  • substansielle definisjonar
  • funksjonalistiske definisjonar
  • fenomenologi
  • arbeidsdefinisjonar
  1. 1«Understanding Religion». Sharpe, Eric J.. Bloomsbury Academic. 1997.
  2. 2«Sapiens : a brief history of humankind». Harari, Yuval N.. Harper. 2015.

Læringsressursar

Religionskunnskap

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Jezidi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.