Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. SikhismenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sikhismen

Sikhismen er verdas femte største religion. Sikhane er monoteistar. Den heilage skriftsamlinga, Guru Granth Sahib, har ein viktig posisjon i religionen.

Manpreet Kaur og Theis Federstehr er sikhar. Her fortel dei om religionen sin.

Sikhane er monoteistar. Dei trur på ein gud. Heilage menn, guruar, har ein sentral plass i religionen. Den alle viktigaste guruen er likevel den heilage skriftsamlinga, Guru Granth Sahib. Sikhar er opptekne av å bryte ned skiljet mellom menneske som tilhøyrer ulike sosiale og religiøse grupperingar. Det religiøse senteret i sikhismen er Det gylne tempelet i Amritsar i Punjab.

Sikhismen er den dominerande religionen i Punjab-provinsen i Nord-India, men i dag finst det sikhar over heile verda. Ein mannleg sikh er lett å kjenne att på det spesielle hovudplagget, turbanen. I Noreg er det også nokre kvinnelege sikhar som bruker turban.

Læringsressursar

Sikhismen