Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. KristendommenChevronRight
  5. Kristendommen – retningarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kristendommen – retningar

Kristendommen kan i dag delast opp i tre hovudretningar – den katolske kyrkja, den ortodokse kyrkja og dei mange protestantiske kyrkjene. Felles for alle desse er synet på Bibelen som heilag skrift og Kristus som frelsar.

Pave Frans og pariark Bartholomeus I av Konstantinopel går ved siden av hverandre. Paven har en hvit kappe og hvitt hodeplagg. Patriarken har en overdel i rødt og gull med sort kappe over og sort hodeplagg. De er omgitt av menn med sorte kapper. Foto.
Pave Francis og partiark Bartholomeos I av Konstantinopel på veg til felles, såkalla økumenisk bøn i 2014. Paven og patriarken er leiarar for dei to største kristne organisasjonane: den katolske og den ortodokse kyrkja.

Kristne konfesjonar og denominasjonar

I vår tid utgjer kristendommen eit hav av ulike trusførestillingar, praksisar og kyrkjesamfunn. Nokre kyrkjesamfunn er tolerante overfor andre kristne grupper og religionar (til dømes katolske fransiskanarar eller protestantiske kvekarar), mens andre berre aksepterer sitt eige kyrkjesamfunn som det einaste rette (til dømes Amish eller Jehovas Vitner). For å forstå mangfaldet og spenningane innetter i kristendommen i dag må vi sjå nærare på omgrepa konfesjon og denominasjon.

Konfesjon tyder eigentleg «vedkjenning» (lat. confessio), som er ei nemning for kva dei kristne trur på. Etter reformasjonen blir Vestyrkja delt i tre grupper med ulike vedkjenningar – den romersk-katolske kyrkja, den lutherske kyrkja og den reformerte eller kalvinistiske kyrkja. Derfor blir desse religionsgruppene også kalla for konfesjonar.

Inndelinga i ulike konfesjonar blei svært viktig etter reformasjonen, og har vore viktig fram til vår tid. Geografisk blir det eit skilje mellom eit katolsk Sør-Europa og eit protestantisk Sentral- og Nord-Europa. Læremessig førte dei ulike konfesjonane til betydelege kulturelle og politiske forskjellar mellom katolske og protestantiske land.

Tidslinje som viser kristendommens utvikling. Grafikk.
Kristendommen blir ein sjølvstendig religion først etter Jesu død. Det store gjennombrotet kjem på 300-talet då kristendommen blir statsreligion i Romerriket. Etter splittinga av Romerriket utviklar kyrkja i aust og vest seg i ulik retning, fram til ei formell splitting i 1054. Neste store brot kjem under reformasjonen på 1500-talet.

Denominasjon tyder religiøse samanslutningar eller undergrupper, som kan inkludere alt frå sjølvstendige trussamfunn – til dømes frikyrkjer – til misjonsorganisasjonar. Omgrepet blir brukt om alle religionar, men blir særleg brukt for å beskrive amerikanske kyrkjesamfunn. I USA har dei mange kyrkjesamfunna utvikla seg parallelt med kvarandre. Mange av dei første europeiske kolonistane var religiøse flyktningar, som ville etablere frie område der dei kunne praktisere si form for kristendom i fred.

Denne bakgrunnen førte til det religiøse landskapet i USA i dag som er kjenneteikna ved særleg to trekk:

  • ei rekkje sjølvstendige frikyrkjer av alle tenkjelege slag
  • ein tolerant kultur for religiøs ulikskap

Oldkyrkjene – den katolske og den ortodokse kyrkja

Den romersk-katolske kyrkja utgjer i dag det største kyrkjesamfunnet i verda, med over 1,2 milliardar tilhengjarar på verdsbasis (Halvorsen & Stensvold, 2018). Katolsk kristendom er utbreidd i Latin-Amerika, Sør-Europa og Sentral- og Sør-Afrika. Den katolske kyrkja er ein av dei største organisasjonane i verda og er ein av dei lengstvarande kristne institusjonane som finst.

Den ortodokse kyrkja har om lag 300 millionar tilhengjarar i verda, og 77 % av desse bur i Europa (Cooperman & Sahgal, 2017). Dei tre største austleg-ortodokse landa, baserte på talet på truande, er Russland, Ukraina og Romania. Samanlikna med andre kyrkjesamfunn har den ortodokse kyrkja særleg fokus på mystikk og det å vere åndeleg i gudstenesta og i det rituelle livet.

Mangfaldet i protestantismen

Kyrkjesamfunn som hadde utspringet sitt i reformasjonen på 1500-talet kallar vi protestantiske. Dei som byggjer på Martin Luthers lære blir kalla dei evangelisk-lutherske kyrkjene. Desse kyrkjesamfunna finn vi i dag i det nordlege Tyskland, i dei nordiske landa og i Nord-Amerika. I dag finst det om lag 70 millionar tilhengjarar av dette kyrkjesamfunnet på verdsbasis (Flottorp & Molland, 2019).

Kyrkjene som blir knytte til Jean Calvin blir kalla for dei reformerte, eller kalvinistiske kyrkjene. Kalvinismen lærer at Bibelen er Guds lov, og at det er bestemt på førehand at nokre menneske skal ha evig frelse, mens andre skal ha evig fortaping (predestinasjonslære). Dei reformerte kyrkjesamfunna finn vi i dag i Sveits, Nederland, Skottland, Korea, Nigeria, Sør-Afrika og i Nord-Amerika. Desse utgjer om lag 80 millionar medlemmar ifølgje World Communion of Reformed Churches.

Tidslinje som viser oppdelinga i ulike protestantiske retningar. Frå reformasjonen til i dag. Grafikk.
Dei fleste av dei protestantiske denominasjonane vi har i dag har opphavet sitt i reformasjonen på 1500-talet eller vekkingsrørsler i USA på 1800-talet.

Den forma for kristendom som veks raskast i dag blir kalla for pinserørsla, som oppstod i USA på byrjinga av 1900-talet. Denne varianten av protestantisk kristendom vektlegg personleg frelseserfaring med den Heilage Ande, læking ved bøn, og ofte også tungetale. Særleg i Latin-Amerika og Afrika veks denne typen vekkingskristendom dramatisk. Det er over 300 millionar pinsevener på verdsbasis i dag (Hacket & Grim, 2011).

Viss vi inkluderer pinserørsla og alle former for vekkingskristendom (til dømes evangelistar), utgjer alle dei protestantiske gruppene opp mot 900 millionar kristne i verda i dag.

Kristendommen i dag

Frå 1000-talet til 2017 var kristendommen staten sin religion i Noreg. Kongen var den øvste leiaren i kyrkja. Kongen er framleis leiar for det som no blir kalla for den evangelisk-lutherske Folkekyrkja, også kalla Den norske kyrkja.

Av dei noko over 5,2 millionar innbyggjarane i Noreg er om lag 3,7 millionar av dei medlemmar av Den norske kyrkja, ei protestantisk luthersk grein av den kristne kyrkja (SSB 2018a). Alle andre kyrkjesamfunn utanfor Den norske kyrkja utgjer til saman 355 000 personar (SSB, 2018b).

Kristne trussamfunn i Noreg (2018):

Trussamfunn

2014

2018

Den norske kyrkja

3 835 973

3 740 920

Alle andre

337 316

355 070

Den romersk-katolske kyrkja

140 109

157 220

Pinsemeinigheiter

39 398

40 056

Den ortodokse kyrkja

14 765

25 843

Den Evangelisk Lutherske frikyrkja

19 557

19 215

Jehovas vitne

12 130

12 566

Svenska Margareta-församlingen

21 573

12 332

Det norske misjonsforbundet

10 136

10 959

Det norske baptistsamfunnet

10 283

10 711

Metodistkyrkja

10 684

10 320

Den kristelege meinigheit

7 750

8 235

(SSB, 2018a og 2018b)

I dag reknar vi med at om lag ein tredjedel av alle menneske på jorda er døypte og er medlemmar av eit kristent fellesskap. I nokre land, til dømes Noreg, er kristendommen i nedgang. Færre foreldre enn tidlegare døyper barna sine. I andre land derimot, i Asia og særleg i Afrika, er kristendommen på frammarsj, spegla av med at over 68 % av katolikkane i verda og 87 % av protestantane i verda, bur utanfor Europa.

Kristendommen i verda (2018):

To kakediagrammer som viser den geografiske fordelingen av verdens kristne. Diagrammet til venstre viser fordelingen i 1910, der Europa, USa og Canada er dominerende. Diagrammet til høyre viser 2010, der resten av verden er dominerende. Datagrafikk.
På byrjinga av 1900-talet budde dei fleste kristne i Europa, USA og Canada. Hundre år seinare har tyngdepunktet flytta seg (Hacket m.fl. 2011).

Konfesjonar

Mengd

I alt

2 500 000 000

100

Katolikkar

1 225 000 000

49

Ortodokse

300 000 000

12

Protestantar

550 000 000

22

Andre kristne

425 000 000

17

(Johnson & Zorlo, 2018)


Kjelder

Cooperman, A. & Saghal N. (2017). Orthodox Christianity in the 21st Century. Washington: Pew Research Center.

Flottorp, H. & Molland, E. (2019). Evangelisk-lutherske kirker. Henta 4. februar 2019 frå https://snl.no/evangelisk-lutherske_kirker

Hackett, C & Grim, B. J. (2011). Global Christianity – A Report on the Size and Distribution of the World’s Christian Population. Washington: Pew Research Center’s Forum on Religion & Public Life.

Halvorsen, P. B. & Stensvold, A. (2018). Den katolske kirke. Henta 4. februar 2019 frå https://snl.no/den_katolske_kirke

Johnson, T. M. & Zurlo, G. A. (2018). World Christian Database. Leiden/Boston: Brill.

SSB. (2018a). Den norske kirke. Henta frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/statistikker/kirke_kostra

SSB. (2018b). Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Henta frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf


Viktige omgrep

  • konfesjon
  • denominasjon
  • frikyrkja
  • den romersk-katolske kyrkja
  • den ortodokse kyrkja
  • protestantiske kyrkjer
  • evangelisk-lutherske kyrkjer
  • kalvinistiske/reformerte kyrkjer
  • pinserørsla

Læringsressursar

Kristendommen