Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. KristendommenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den lutherske kyrkja – ritual og praksis

Dei viktigaste rituala i den evangelisk-lutherske kyrkja, dåpen og nattverden, er knytte til gudstenesta. Kyrkjerommet har utvikla og endra seg over tid. Forkynninga av ordet førte til at preikestolen fekk ein sentral plass i kyrkjerommet.

Kirkerom. Søyler og høyt under taket. Foto.
Stavanger domkyrkje blei bygt på 1100-talet, men interiøret blei endra noko etter reformasjonen. Blant anna fekk kyrkja ein opphøgd preikestol (til høgre) der presten held talen sin. Preikestolen signaliserer bibelordet og forkynninga sin sentrale plass i gudstenesta. I fronten av kyrkjerommet er alteret og ei altertavle med bibelske motiv. Framfor alteret til venstre står døypefonten.

Det lutherske kyrkjerommet

Ved reformasjonen blei ei mengde gjenstandar og aktivitetar fjerna frå kyrkjene: skriftestolane bak i kyrkja, dei fleste bileta med unnatak av krossen, bruk av røykjelse osv. I staden blei preikestolen framheva. Ordet, bodskapen i Bibelen, skulle stå i sentrum.

Ved sida av preikestolen har alteret ei sentral plassering, gjerne opphøgd samanlikna med den delen av kyrkja der forsamlinga oppheld seg. At noko er opphøgd, betyr ofte at det blir sett som meir heilag eller viktig. Det er med utgangspunkt i alteret at presten gjennomfører gudstenesta.

Gudstenesta

Ei samling til song, bøn, preiken og ettertanke kallar vi gudsteneste. Gudstenesta er utgangspunktet for ei rekkje rituelle handlingar som er knytte til livets gang – dåp, konfirmasjon, ekteviing og velsigning over eit samliv. Men også presteviingar, bispeinnsetjingar og gravferder har ei gudsteneste som ramme.

Dei faste ledda i ei gudsteneste blir kalla for liturgi. I den lutherske kyrkja er det særleg ordet (dagens bibellesing) og nattverden som er dei viktigaste elementa i liturgien. Eit anna trekk ved luthersk liturgi er at han alltid går føre seg på lokalspråk. På Luthers tid gjekk liturgien føre seg på latin, og delar av liturgien går framleis føre seg på latin i den katolske kyrkja.

Gudstenesta er ei kollektiv handling, der ein saman med andre truande gjentek faste bøner, salmar og truvedkjenninga – og mottek forlating for syndene gjennom nattverden og dåpen.

Sakrament

Nattverd og dåp er blant dei viktigaste rituala for lutheranarar. Dei blir rekna som sakrament, dvs. rituelle handlingar som formidlar Guds nåde, og som skal ha blitt innstifta av Jesus sjølv. Berre dåpen og nattverden er nemnt i Bibelen, derfor blir dei rekna som dei to einaste gyldige sakramenta. I ortodoks og katolsk kristendom har ein derimot sju sakrament.

Den lutherske dåpen

Dåpen er viktig for alle kristne. Han peikar tilbake på hendinga ved elva Jordan i byrjinga av Jesu verke på jorda, der døyparen Johannes døypte Jesus. Vatnet er eit symbol for det å reinse bort synda. Men kan eit spedbarn vere syndig? I luthersk tenking ber menneska med seg brotet mellom Gud og Adam og Eva i paradiset. Dette blir også kalla arvesynda. Ved dåpen blir dåpsbarnet fri frå arvesynda.

En person i hvit kjortel heller vann over hodet på et lite barn. Foto
Presten døyper barnet i namnet til Faderen og Sonen og Den heilage ande med vatn frå døypefonten.

Dåpen blir utført ved at presten eller ein annan kristen heller vatn over hovudet til den som skal døypast, og seier: «Eg døyper deg i namnet til Faderen og Sonen og Den heilage ande.» Når eit lite barn blir døypt, er nokon vaksne, fadrane, med på å bekrefte dåpsløfta. Desse løfta er henta frå truvedkjenninga.

Den lutherske nattverden

Nattverden er eit minnemåltid, ein fellesskapshandling som presten inviterer dei truande til å ta del i. Eit ikkje-gjæra brødstykke og vin blir gitte til dei truande som minne om Jesu siste måltid med apostlane rett før han blei arrestert og dømd til døden.

Nattverden er ei frivillig handling der dei truande kan komme fram til alteret, som er bordet der presten klargjer minnemåltidet. Når presten gir brødet og vinen til den truande, gjentek han eller ho Jesu eigne ord til apostlane i Matteusevangeliet: «Mens dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav disiplane og sa: 'Ta imot og et! Dette er min kropp.' Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: 'Drikk alle av det! For dette er mitt blod, paktens blod, som blir aust ut for mange, så syndene blir tilgitte.'»

En hånd holder en rund, hvit skive. Bak et lite beger med rød vin. Foto.
Brød, i form av ein oblat, og eit beger med vin inngår i nattverdsritualet. Brødet symboliserer Jesu lekam, og vinen Jesu blod.

Den katolske kyrkja meiner at brødet og vinen blir forvandla til Jesu lekam og blod under nattverden, mens lutheranarane meiner at Jesus er til stades blant dei truande utan at det skjer ei fysisk forvandling av brødet og vinen.

Konfirmasjonen

Konfirmasjon betyr «stadfesting» eller «å gi styrke». Det er dåpsløfta som fadrane framførte ved dåpen, som blir stadfesta under konfirmasjonen. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg. Alle konfirmantane kjem fram og kneler ved alterringen. Presten eller konfirmantlæraren ber for konfirmanten. Førebuingane til konfirmasjonen varer i ca. eitt år, og den vanlege konfirmasjonsalderen er 14–16 år.

Konfirmant venter på sin tur til å motta velsignelsen under konfirmasjonsgudstjeneste. Foto.
Ein konfirmant ventar på sin tur til å motta velsigninga under konfirmasjonsgudstenesta.

Fagomgrep

  • liturgi
  • ordet
  • nattverden
  • sakrament
  • arvesynda
  • fadrar
  • konfirmasjon

Læringsressursar

Kristendommen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs