Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Religion og livssyn

I dette emnet lærer du om religionar og ikkje-religiøse livssyn. Du blir kjent med dei store verdsreligionane, men også med nyreligiøse rørsler og livssynshumanisme. Emnet handlar også om grunnleggjande spørsmål knytt til den rolla religionen har i samfunnet.

I omtalen av verdsreligionane blir du kjent med desse dimensjonane:

  1. lære
  2. myter og forteljingar
  3. ritual
  4. opplevingar
  5. etikk
  6. sosial organisering
  7. kunst og materielle uttrykk

Ifølgje læreplanen skal du sette deg inn i kristendommen, islam og ein tredje, religion som du sjølv vel. Denne religionen kan til dømes vere buddhisme, hinduisme, sikhisme eller jødedom.

Dei store religionane består av ulike retningar og trussamfunn. Nasjonalt og lokalt er måten religionen blir utøvd på prega av den kulturen han er ein del av.

I ei globalisert verd oppstår stadig nye religiøse rørsler og førestillingar i møtet mellom religiøst tankegods frå ulike kulturar. For å forstå korleis menneske tenkjer og handlar må vi ha innsyn i det livssynet dei har, enten det byggjer på religiøse førestillingar eller er basert på humanistiske verdiar.

Emner

Religion og livssyn

  • Kva er eigentleg religion? Korleis kan vi klassifisere religionar? Og korleis har dei ulike religionane vi kjenner til i dag, oppstått og utvikla seg?

  • Kristendommen

    Kristendommen er ein monoteistisk religion. Det som skil han frå andre monoteistiske religionar er trua på Jesus som Guds son og verdas frelsar.

  • Islam

    Islam er den nest største og den yngste av dei store verdsreligionane. Muslimane trur på ein gud, Allah, og at Muhammad var profeten hans.

  • Jødedommen

    Jødedommen er ein monoteistisk religion med utspring i Midtausten. Dei fleste jødar bur i dag i Israel eller i USA.

  • Buddhismen

    Buddhismen er den fjerde største religionen i verda og er mest utbreidd i Asia.

  • Hinduismen

    Hinduismen er blant dei eldste religionane i verda. Dei fleste hinduane bur i India, Nepal og på Sri Lanka.

  • Sikhismen

    Sikhismen er verdas femte største religion. Sikhane er monoteistar. Den heilage skriftsamlinga, Guru Granth Sahib, har ein viktig posisjon i religionen.

  • Samisk religion

    Omgrepet samisk religion blir ofte brukt om før-kristen religion blant samar. Men majoriteten av det samiske folket tilhøyrar i dag kristendommen.

  • Nyreligiøsitet

    Nyreligiøsitet er religiøse rørsler som har oppstått i moderne tid, det vil seie frå slutten av 1800-talet og fram til i dag.

  • Humanismen

    Humanismen sette mennesket i sentrum, og ser på mennesket som eit sjølvstendig vesen som korkje er underlagt gudane eller naturen.

  • Livssynsmangfold

    Norge er et pluralistisk samfunn der mennesker med ulike livssyn lever side om side. For å forstå hverandre trenger vi kunnskap om hva de andre tror og tenker.